onsdag 23. juli 2008

Kos!

Ja no e det ferie, ferie og atter ferie:-) For det meste slappar eg av, men jobbar litt ute bak huset også;-) Forrige veke var familien på Lid på besøk med broren min og familien hans. Der koste vi oss med ungane ute og jobba litt. Ein dag var vi ute å bar steinar tidli om morgonen. Kvar stein vog 25 kilo, og vi skulle bære ca 70 steinar kvar. Det var ein ganske tøff jobb, og det fekk vi kjenne dagen etterpå, det var strekk i heile kroppen. Men litt musklar får en jo;)

Ellers har vi vøre ute med ungane og sykla, dumpa og reia som dei sei ute på Lid :P


Eg har også vøre på besøk med Silje Kathrin, Elise og Elisabeth. Det har vøre kjempekjekt :D Alltid kjekt å sjå gode venner igjen:D


No sit vi her i huset på Stranda og slappa av, men er ikkje det ferie er til for da?


I kveld skal eg ned til Mia. Då skal vi sjå P.S I love you:D

I morga skal eg til byen med ein gjeng, eg gledar meg:D


Snakkast snart;)

fredag 11. juli 2008

Sommer!


Heisann folkens! Kven skulle tru at eg hadde fått meg blogg? Men det har eg altså. Det heile starta med at Synne og eg sat på rommet å tenkte, no skal vi ta å lage oss ein blogg. Sidan vi skal begynne på forskjellege skular, er det kjekt å sjå på bloggane til kvarandre korleis det går.. Men vi skal jo selfølgelig snakke ellers også da;)

No er det sommer og sol på Stranda, litt overskya i dag, men ellers er veret kanonbra:)
På onsdag så var heile familien på Runde-fjellet. Det var litt skummelt med 5 småunga når vi gjekk rett vedsida av eit stup, men vi prøvde å vere så langt vekke som mulig;)

No skal eg berre slappe av og kose meg med venna og familie, og så ser eg veldi fram til UL som blir KONGE :-D

Det var alt for no folkens, snakkast;)