mandag 25. august 2008

Livet på Kongshaug!

Jaja, no går e offesielt på Kongshaug! Det e kjempekjekt:D
Her er det musikk det går i og det elskar eg, men ein må jo ha litt fag også i tillegg, så sånn er det..
På Kongshaug er det berre, og då meinar eg BERRE koslege folk!
Det er eigentleg ikkje så mykje å sei om livet her utenom at det e KONGE her, vi spela fotball, går på butikken (som ligg rett over brua), syng og spelar, ete ikkje minst, og har det berre KJEKT:D
Det er berre å komme på besøk altså, my door is open:D
Sa eg forresten at det var kjekt her? jaja, så sei eg det igjen, det e KJEMPEKJEKT:D:D:D
Det var alt for denne gong, så snakkast vi soooooon (ska prøve i verfall) :P :D

(Bilder kjem snart)

torsdag 14. august 2008

Ein fantastisk sommar!

Ja no e sommaren så og sei over. Alle sitte igjen med gode minner ifrå ferien. Eg har i vertfall storkosa meg:D
Denne sommaren har eg blant anna vore heime på Stranda. Der har eg truffe igjen gode vener og familie. Kjempekjekt:D
Eg har også kosa meg i Bergen. Det har vore vanvitteg med turistar her i byen.
Ein dag då mamma, pappa, Martha Berit og eg skulle til byen på båtmesse, som var ganske kjekt, mange seilskip med mykje flagg i mastane, veldig fancy, så var der heilt tjåkafullt med folk. Ein måtte svømme seg igjennom folkemassa. Ellers kjempefint;)
Men det beste med heile sommaren er at eg har fått vore med på eit fantastisk UL!
Men før UL var eg med på ein turnè med Kairos, kretskoret frå Sunnmøre. Det var kjempekjek:D
UL hadde plassen i Ålgård i Kongeparken.
Lovsangen, konsertane, seminarane var heilt fantastiske. Og sist men ikkje minst, møtane med det flotte budskapet!
Eg synest at det er ganske flott/bra/utruleg at så mange kristne ungdommar kan få samlast ilag og få høyre om Jesus. Heilt KONGE! Kom til neste år! Det skal vere i Kongeparken til neste år også:D Utsikt over UL-plassen ifrå ein karusell i Kongeparken.

No er den flotte sommaren over og det er på tide å begynne og fokusere på det som skal skje denne hausten.
Eg skal til med internatskule på Kongshaug musikkgymnas:) Det blir nok ganske spennande, eg har trua på det altså...
Det er nok på tide å pakke heilt ferdi til skulen begynne, så vi snakkast snart igjen.. Skal prøve å holde dokke oppdatert..!
Tusen takk til alle som har gjort denne sommaren til den beste:D
Lykke til alle saman no til hausten med alt som står forran dokke!