onsdag 1. oktober 2008

Det er herleg:D

Kongshaug er herleg:D
Siste vekene har vore kjempekjekke! Mykje har skjedd.
- Opne hjarterom, der folk har opptredd med sine innslag.
- High school musical: Heile klassa framførte ein del sangar av musikalen på ein slags barnefestival i Os, veldig kjekt:)
- Spelt mykje fotball: kjempekjekt:D
- Vøre på Peppes Pizza med alle jentene i klassa.
- Vøre med folk og Anneli :D<3
For ei veke sidan, på tirsdagen var vi på Les Misèrables konsert, det var ein kjempebra musikal. Mange kjente skodespelarar, med eit bra innhald. Tilgjeving var hovudpoenget. Det var ein mann som hadde sote i fengsel i 19 år. Då han kom ut av fengselet fekk han ikkje eit normalt liv. Ingen ville ha noko med han å gjere. Men ein prest tenkte ikkje på fortida hans. Han tenkte på mannen som hans eigen son. Han tilgav han for det han hadde gjort tidlegare i livet. Seinare fekk han seg ein familie, men kona døydde raskt. Det vart krig, men den gjekk over ganske fort. Dottera gifta seg. Livet gjekk sin gang og han døydde til slutt. Dette var eit lite samandrag av kva som skjedde(ikkje så veldig bra, menmen)... Anbefalast i verfall å sjå/oppleve! Etter konserten/musikalen var ferdig, gjekk heile skulen på Kinarestaurant. God mat. Så fekk vi gå for oss sjølve på byen. Der møtte eg både Synne og Martha Berit. Då vart eg glad:D No sit eg i stua på Askøy og slappar av og nyt haustferien min:) Har faktisk nettopp flytta hit for ei veke sia. Kjenner det er godt med ferie, men eg gledar meg til å kome tilbake til Kongshaug snart, saknar folk:)
Her er norke bilete frå den flotte plassen Kongshaug:)


Første dagen på Kongshaug (fantastisk ver).




Mi fantastiske romvenninde:)



Kjærleiksstien



Kjærleiksstien



Fotball


På Peppes med alle jentene i klassa! Kjempekjekt:D




Og til slutt: Min fantaskiske Anneli:D <3