tirsdag 22. november 2011

Jula er nær!

Ja, jula byrjar som sagt å komme nærmare og nærmare. Nokon har kanskje allereie ete pepperkake, drukke julebrus og hørt på julemusikk. Eg har gjort 2 av 3 av desse tinga (pepperkake og julemusikk). Guilty!
Eg har fått ein del julestemning men ikkje heilt fullenda. Ein viktig ting manglar. Nemlig snøen! I Oslo er det berre kaldt! Alle ventar i spenning når det første snøfnugget skal slå seg til ro på Fjellhaug!

Julesongar ja. Det er ein fin ting! Er så fine tekstar og melodiar at eg kan ikkje unngå å høyre på det. Byrja vell litt tidleg, før 20 november, menmen. Når alle andre på Fjellhaug høyrer, så høyrer eg og!

Noko som eg gler meg vilt til, er å få juleferie med familien! Det er årets høgdepunkt! Men, det som blir ein liten vri for meg i år, er at eg reiser til Afrika og skal feire nyttår i Mombasa!!!! Det blir rååååått!!!!!!
Regine, Nils, Lars og meg sjølv skal ta denne reisen før resten av BIF-klassa kjem den 6. januar. Då skal vi ta ein rund-tur i Tanzania! Det skal eg fortelje meir om når det nærmar seg.




Snakkast!

lørdag 12. november 2011

Fortsettelse følgjer...

Ja, eg bor altså i Oslo, og det er her det skjer!

Eg trives kjempegodt på bibelskulen og er glad for å bo i storbyen. Dagane går og går. Når ein har komt seg til rette ein plass, er det mykje ein blir med på. Det viser seg vertfall i min kvardag. Kjekt er det!

I dei siste månadane har eg gjort ein del. Eg har blant anna vore på to friluftsturar til no. Ein på Bosnuten og Gaustadtoppen! To nydelige toppar som var ein fryd å sjå utover. Ein seier det at ein kan sjå 1/6 av heile Noreg dersom du har godt ver på Gaustadtoppen. Amazing!
Så har vi vore på Bjørkelangen. Det var ein meir "vere-på-same-plass-i-tre-dagers-tur". Der bygde vi litt på den plassen vi var på. Fjellhaug si lille tomt kan du sei. Vi lagde benkar, reiv ein gapahuk og koste oss med å lage mat og prate.
Eg har vore heime i Bergen på hausferie, blitt med i eit godpelkor som heiter Entrust! Det er eit kor som er dreve i misjonssalen av musikklæreren her på Fjellhaug. Veldig kjekt! Ellers er går det i bibelgruppe, møte, praksis og ellers sosiale ting.
Praksisen min i år går ut på å vere med ei ungdomsgruppe på Frogner, utanfor Oslo. Der er det for det meste ungdomar i konfirmant-alderen. Der er det møte, sosiale, speling og kiosk! Veldig kjekt å få vere med å dele Jesus med desse folka!

Forrige veke va halve BIF-klassa (bibel, idrett og friluft) på Kvitsund og var der fra mandag-torsdag. Der hadde vi morgenandakt, gym/kristendom-timar, fotballkamp, dodgeball-turnering og eit møte siste kvelden. Vi elevane tok oss óg ein liten kanotur til Kvitseid. Det fekk både rumpe og lår kjenne. Er ikkje berre armane ein bruker på ei slik ferd. Etter slike økte var det godt for oss og ha ei lita pause. Og då var ein massage-stol
Ein vellukka tur syns eg!

Det er jo slik at vi skal innom 20-30 idrettar dette året, så dette er så kjekt og spennande! Til no har vi blant anna klatra, spelt squash, golf, rappellert, og ellers mange ballspel! Ser fram til fortsettelsen!

Her er eit bilete frå toppen av Bosnuten av heile BIF-klassa mi! Det er ei grådig fin klasse om e må få sagt det!



Eg trives veldig godt viss eg ikkje har fått prestert det bra nok hittil! :D