tirsdag 22. november 2011

Jula er nær!

Ja, jula byrjar som sagt å komme nærmare og nærmare. Nokon har kanskje allereie ete pepperkake, drukke julebrus og hørt på julemusikk. Eg har gjort 2 av 3 av desse tinga (pepperkake og julemusikk). Guilty!
Eg har fått ein del julestemning men ikkje heilt fullenda. Ein viktig ting manglar. Nemlig snøen! I Oslo er det berre kaldt! Alle ventar i spenning når det første snøfnugget skal slå seg til ro på Fjellhaug!

Julesongar ja. Det er ein fin ting! Er så fine tekstar og melodiar at eg kan ikkje unngå å høyre på det. Byrja vell litt tidleg, før 20 november, menmen. Når alle andre på Fjellhaug høyrer, så høyrer eg og!

Noko som eg gler meg vilt til, er å få juleferie med familien! Det er årets høgdepunkt! Men, det som blir ein liten vri for meg i år, er at eg reiser til Afrika og skal feire nyttår i Mombasa!!!! Det blir rååååått!!!!!!
Regine, Nils, Lars og meg sjølv skal ta denne reisen før resten av BIF-klassa kjem den 6. januar. Då skal vi ta ein rund-tur i Tanzania! Det skal eg fortelje meir om når det nærmar seg.




Snakkast!

2 kommentarer:

Keknes sa...

Eg har berre gjort 1 av 3. Er litt vanskelig å få tak i Julebrus og pepperkaker her nere ;) Du kjem til å få tidenes nyttårsfest da! Fytti G!

Keknes sa...

Eg vil berre minne deg om at det står: "snakkast" neders i innlegget ditt. Det er kanskje på tide å "snakkast" litt!? :p