onsdag 21. oktober 2009

16.10.2009


Denne datoen kom velse Elida til verda. Ho var heilt nydelig og smelta alle sine hjerte ved første blikk! No er ho heime og tar det med ro.Eg kan ikkje vente med å kome å besøke ho :)
Eg er no blitt tante for 6 gong, kan du tenkje deg? :D
Det er heilt fatastisk, så berre gle dokke til å få dokkas egne tante og onkel barn :)
Ho er så nydelig, og det ser dokke på bilde :)

lørdag 10. oktober 2009

Haustferie

Haustferien har nesten komt til sin ende, men eg vel å seie nokre ord om korleis den har vore.
Eg tok buss til Stranda laurdagen for nøyaktig ei veke sia. Så blei eg møtt med taco i huset åt søstra mi og familien hennar. Det var deilig skal eg sei deg.
Dei neste dagane gjekk på å reise til byen på forskjellege ting, ete god mat, bade på hotellet, kose seg ute med nevøane, sykle på butikken, og masse anna kjekt!
Det har seg sånn at søstra mi er gravid med ein liten. Og det så kjekt! Det som hadde vore artig, var at ho hadde fått den menst eg var her, men det ser ikkje slik ut.. Den bil liksom ikkje ut heilt enda :P Men det går fint, eg heng meg på med mamma og pappa når dei skal sjå den nyfødte når det skjer! :D Eg gledar meg så sjukt!
Men no er siste dagen her, og eg skal reise søndags-formiddag. Då er det tilbake til skule og arbeid, men også til folket! :) Men først kaller tannlegen inn til skjekk :S Det ser eg ikkje fullt så fram til, men det må alltids til. Håper på null hull, men det skjer ikkje..
No skal eg hoppe i køys, mens eg høyrer på David Phelps sine sangar, dei er fine!
God natt til alle, og håpar dykk har hatt ein fin og uforgløymeleg ferie, det har eg :D
Takk til ein fantastisk familie!