onsdag 10. februar 2010

Februar - ein god månad!

Første helga i februar var det langhelg! Det var utrulig digg.
Mamma, pappa og eg kjørte til Stranda på fredagsmorgen, og var på plass i huset til Margareth m/fam i 3 tida, vi henta Eskil i barnehagen, der det var mange unga i vindauget som sto å venta på sine foreldre, Eskli var den heldige denne gongen.
Vi bodde nede med Margareth og dei heile helga. Elida hadde også blitt mykje større, prata mykje baby-språk og smila jo heile tida!!
Seinare på kvelden såg vi finale av "det store kosrslaget".
Laurdagen var det ned i kyrkjehuset for å vere på basar, der barnekoret til Margareth (mitt og mamma sitt gamle) skulle syngje. Dei var utrulig flinke! Seinare på dagen var vi på vestborg-cup, der eg traff mange gamle kjende. Det var så koseleg, å sjå dei etter ei lang tid. Per Inge m/fjellhaug-folk kom også til Stranda, så det var kjekt å sjå han igjen også.
På kvelden såg vi finale av "Melodi Grand Prix", som var kjempekjekt! Didrik var ein klar vinnar, sjølv om sangen er typisk grand prix låt med modulasjonar og fyrverkkeri på scena, så var det kjekt at han vann!
Søndagen reiste vi tilbake til Bergen, til Kongshaug! Det var ein fin tur. Med god mat og fine cd`a, kan ein få ein utruleg kjekk biltur!

No til helga skal eg besøke Øyvor i Stavanger, for så å gå på konsert på lørdagen på "singing in the city". Der skal Martha Berit sitt kor - divisi, syngje og kore til Talley Trio, ei av mine favoritt sang-grupper frå USA! Det blir ein opplevelse utan like!

Neste helg igjen, kjem Margareth m/fam på besøk til Bergen, då har dei vinterferie! Då kjem eg jo selfølgeleg på besøk til Askøy for å vere med dei.

Siste helga i februar byrjar vår vinterferie, då er den store "happeningen" min!!!!
Då skal nemleg mamma, papap og eg til Gran Canaria!! Herliiiighet!! Eg gledar meg så sinnsjukt!

Dette er min månadsplan, som dokke ser, veldig god månad!!
Eg skal nok komme sterkt tilbake igjen etter eg har vore på desse hendingane! We will see ;)