mandag 16. november 2009

Yeee!

No har ei ny veke byrja, og prøver står for tur.. Men no snakka vi ikkje om dei :P
Det som er helgas store happening, er KONGSHAUGFESTIVALEN!!! KOM KOM!!!
Det blir sinnsjukt bra! Gode band og artista som skal delta, og ellers bra opplegg...!!
Blir så kjekt å sjå igjen folk som ikkje går her lenger :D
Viss noken er interessert, så gje ein lyd ;) Eg gledar meg!

'
Ellers har eg sett den nydelege niesa mi, ho er aldeles fantastisk.. Eg gledar meg berre til jul eg no, så kan eg treffe ho att, og mine ellers nydelige tante-ungar og familie!
No står adventstida for tur, det blir fantastisk!

Vi snakkast nærmare juletider, med nye oppdateringar ;)

onsdag 21. oktober 2009

16.10.2009


Denne datoen kom velse Elida til verda. Ho var heilt nydelig og smelta alle sine hjerte ved første blikk! No er ho heime og tar det med ro.Eg kan ikkje vente med å kome å besøke ho :)
Eg er no blitt tante for 6 gong, kan du tenkje deg? :D
Det er heilt fatastisk, så berre gle dokke til å få dokkas egne tante og onkel barn :)
Ho er så nydelig, og det ser dokke på bilde :)

lørdag 10. oktober 2009

Haustferie

Haustferien har nesten komt til sin ende, men eg vel å seie nokre ord om korleis den har vore.
Eg tok buss til Stranda laurdagen for nøyaktig ei veke sia. Så blei eg møtt med taco i huset åt søstra mi og familien hennar. Det var deilig skal eg sei deg.
Dei neste dagane gjekk på å reise til byen på forskjellege ting, ete god mat, bade på hotellet, kose seg ute med nevøane, sykle på butikken, og masse anna kjekt!
Det har seg sånn at søstra mi er gravid med ein liten. Og det så kjekt! Det som hadde vore artig, var at ho hadde fått den menst eg var her, men det ser ikkje slik ut.. Den bil liksom ikkje ut heilt enda :P Men det går fint, eg heng meg på med mamma og pappa når dei skal sjå den nyfødte når det skjer! :D Eg gledar meg så sjukt!
Men no er siste dagen her, og eg skal reise søndags-formiddag. Då er det tilbake til skule og arbeid, men også til folket! :) Men først kaller tannlegen inn til skjekk :S Det ser eg ikkje fullt så fram til, men det må alltids til. Håper på null hull, men det skjer ikkje..
No skal eg hoppe i køys, mens eg høyrer på David Phelps sine sangar, dei er fine!
God natt til alle, og håpar dykk har hatt ein fin og uforgløymeleg ferie, det har eg :D
Takk til ein fantastisk familie!

mandag 31. august 2009

Kongehelg!!!

Dinna helga som var, har vore så kjekk!!
Fredagen er jo dagen då helga byrjar, så det er jo ein maks dag :)
Lørdagen slappa eg mykje av og berre var med folk. På lørdagskveldane er det noko nytt som har begynt. Kl 8 er det cafè oppe i Villaen med veldig god kvelds. Det er både sosialt og så får du følelsen av sånn typisk heime-kos, sjølv om det ikkje er heilt det same, er det vertfall mykje kjekkare enn vanlig kvelds...!
Søndagen måtte eg stå opp tidleg, for då skulle eg synge i Salem, og det var veldig kjekt :)
Eg fekk med meg Torbjørn og Christian til å spele, og dei var heilt råflinke :) Tusen takk gutta! Så var Anneli med meg for "moralsk" støtte.. :)
Etterpå gjekk vi på kino. Vi delte oss, jentene og gutane. Gutane såg ein barnefilm som dei ikkje blei så heilt fornøgd med, mens Anneli og eg såg ein mykje betre, The Proposal :D Den va så søt. Verkeleg verdt å sjå!


Så gjekk vi på Dolly for å få oss noko mat i magen. Mmmm!
På slutten av dagen i byen, gjekk vi på besøk til Kristoffer på sjukehuset, og det var så godt å sjå han igjen, sjølv om eg var der berre for 2 daga sida :P
Han har ein del å komme seg gjennom, så er så utruleg bra om dokke fortsette å be for KE! Han treng det mykje, og så får han så mykje styrke av det! Kristoffer er rett og slett berre heilt fantastisk!!! Gud er GOD!

No har ei ny veke på Kongshaug begynt, så det er berre å sette seg i selen igjen. I morgon skal vi til Os for å få med oss eit slags debatt-møte eller kva eg skal kalle det. Det er i vertfall om valget, så då kjem det representantar frå dei ulike partia, så det gledar eg meg veldig til!

Håper dokke kosar dokke der ute i den vide verda, det gjer eg! :D

torsdag 16. juli 2009

Ylvis / Sondre Lerche

No he e lest på Synne sin blogg, og der hadde ho skreve om at ho hadde sett Sondre Lerche på byen i dag, og så såg eg ein film av han, og då kom eg sånn på Ylvisbrødrene (Bård) som imitera han og det er så morosamt!!!
Anyway, her er filmen :P Ganske likt hæ? :P

http://www.youtube.com/watch?v=9Jb2plVoJIA

Fekk ikkje filmen inn på blogen min:( men her er linken :P




SUMAR

Ja no he tida gått veldig fort.. Mykje har skjedd og livet er herleg!
Eg kan nå gi ein liten oppsumering for dei som er interessert ;-)

- Besøk av familien Engås, Belt, og andre i familien. (eg vil berre sei, sinnsjukt gode og søte tanteungar eg har!!!!!)
- GF :-D (konsert med Kongshaug i Bergenshallen og på festplassen som var forresten heilt rått :-D)
- Har jobba ein del...
- Møtt goode vener!
- Vøre på kino med Synne, "I love you, Man" (den va litt morosam, men samtidig litt rar:-P)

Og her er ein del ting som eg skal gjer vidare i sommar :-)

- Jobbe..
- UL :-D
- Stranda, (og det er ikkje badestranda eg meiner som folk ofte trur, men det er Stranda min heimstad! :-P)

Så no er det litt jobbing før eg reiser på UL, å då skal eg vere heime åleine i 1 og ei 1/2 veke!! Det skal bli digg, samtidig som e må stå opp hal 6 i stede for 6 for å ta bussen til jobb, men det skal eg nok klare viss eg er streng med meg sjølv om det å legge meg tidlig :-P Vi får nå sjå korleis det går :-P

Så viss dokke vil ta ein snartur til meg ein dag, Let me know :-D
Blei ingen bilete å legge ut no, men kan gjere det ein anna dag ;-)


That`s all for today people, enjoy the goooood summer :-D

onsdag 3. juni 2009

Få, men fine dagar igjen!

No nærmar det seg sumarferie! Det kjenner eg at det skal bli deilig!
Kongshaug er ein kjempebra plass, men ferie trengs nok også. Det som er kjipt med slutte i 1. klasse er at då slutter 3. klasse. Det er ganske trist, for eg (og fleire) har blitt godt kjent med denne gode gjengen, så då spør eg, kva blir Kongshaug utan dei? Ikkje veit eg.. Men det blir nå ganske kjekt å få inn ei ny klasse da, ein ny gjeng som var lik oss då vi byrja, det blir artig å sjå.

Det som også er ganske trist er at eg ikkje får dele rom med denne fantastiske jenta her: Øyvor!!! Vi har hatt det så kjekt i lag, we are the best roomteam ever!
Vi får heller ha mange pysjparty på romma våre i 2 og 3 klasse :D



1. klasse :)


Dinna ferien skal eg finne på ein del å gjer!
Eg skal for det første jobbe på Domkirkehjemmet (ein sjukeheim), reise på UL, på GF og ha 2 vekers ferie heime på Sunnmøre :D
Eg gledar meg til å bli brun og kose meg med familie og vener!

På mandag var alle her på Kongshaug ute og koste oss i ei knakandes fin sol, eg for min del gjordet det. Det som var ulempen med det, var at då eg trudde eg skulle bli brun, blei eg raud. Ja, eg blei rett og slett veldig solbrent, og det er så låkt..! Men det går nå over etter nokre dagar håpar eg..!

I morgon skal vi snart ha internavsluttning for 3. klasse og det trur eg blir veldig stas, sikkert nokre tårer og, men det følle no berre med ;)


mandag 27. april 2009

Tid for oppdatering?

Jaja, så he det gått ei stund sida sist, noko nytt har skjedd, men eg nemne berre eit par ting.

Vi har f.eks hatt High School dag her på skulen. Mange hadde blitt til artige roller.
- Cheerleader
- Nerd (det var eg:P)
- Dei populære
- Musukk-nerda
- Og sånn type som skulle "rule" skulen

I tillegg til det, skulle vi snakke meir enn 80% engelsk (avtale med Livia), og det fekk eg til :)
Det va kjempekjekt for då føle e at vi levde oss meir inn i rollene :)
Her e nokre bilete frå den kjekke dagen :D


Nerde-gjengen



"Rule the school" kind a thing



Cheerleaders



Musikknerdane



Den (kule) nerden på motorsykkel



Anneli og meg




No har russe tida også begynt. Ikkje sånn for fullt, men russebuksene er på, men snart så smeller det med russe.sprellet her på Konsghaug :D

Så snakkast vi om ei stund! :)

mandag 23. mars 2009

Martha Berit 21 år!

I dag he storesøstra mi bursdag! Ho er 21 år :D

Gratulerer med dagen kjære Martha Berit :D

Ho er fin!

onsdag 18. februar 2009

Snart på TV:D

No er det snart inne for at Kongshaug skal på TV!!! Vi har blitt filma av NRK for nokre veke sida, og på søndag den 22 februar, 1 mars og 8 mars kl 17:30 på NRK skal vi vere med på eit kristent program som heiter "Åpen himmel", det blir digg!!! :D Sjå sjå!










Englar i snøen



Litt posing av Anker og meg












Her syng vi ved fotballmålet

Eg skal heim i helga, då kjem familien Engås på besøk til Askøy og det gledar eg meg vilt til :D
Då skal eg kose meg masse!

Blei ikkje så veldig langt innlegg, men får oppdatere seinare om det skjer noko nytt ;)
Snaiks folkens ;)

onsdag 7. januar 2009

Tilbake igjen :D


Ja no er eg altså komt tilbake til Kongshaug i frå ein fantastisk ferie :D
På søndagen, når eg ankom Kongshaug, tenkte eg at dette ville bli kjedli med skule etter ein så deilig ferie.. Men når eg kom opp bakken til skiltet der det sto "Kongshaug" var eg så glad for at eg skulle begynne på igjen. Savn av vener var jo stor i ferien, og no skulle eg få sjå alle saman igjen! Dette var ein gledens dag:D

I dag har vi hatt prøve i naturfag om Spekter, nordlys, drivhuseffekt, ozonlaget og radioaktiv stråling. Det var jo spanande kan ein jo kanskje sei.. Prøva gjekk ganske bra trur eg, men det får resultate vise seg..
Så no er det berre å øve til etnisk-musikk, så er det prøvefrie fram daga til helga :P Det skal bli kjekt med helg:P Då skal eg jobbe på kjøkkenet ;)

No er det studietime, så no må eg nok jobbe litt, og sove litt:P