tirsdag 18. november 2008

Ein fantastisk mann med ei fantasktisk stemme!


På toradag var eg på noko heilt fantastisk! På David Phelps-konsert:D:D:D
Han har berre ei heilt utruleg stemme som ingen kan måle seg med!
Den dagen vi skulle på konserten hadde eg sumarfulgar i magen! Var det verkeleg sant at eg skulle få sjå sjølvaste David Phelps? Når vi sat oss inne i Johanneskyrkja var det berre 1 og ein 1/2 time til han skulle stå forran oss... Tida gjekk og gjekk.. Så var ho der, tida då han skulle vise seg..
Voice of joy korte til så dei gjekk ut på scena først.. Så.. kom.. David Phelps!!! Alle var heilt i ekstase!
Nokre dagar før konserten var, hadde eg høyrt ein del på sangane hans, f.eks How great tho art, End of the beginning, No more night og av alle sangar.... Virtuaso!
Så når konserten var i gang var eg spent på om Virtuaso skulle kome.. Plutseleg begynte han å synge på den, og eg veit du, blir heilt vill!! Så ser eg til sida mi, og der er det nokre lure fjes som smiler og ler... litt intern.. :P
Under en sang som heite That`s what love is, peikte han på med og såg lenge på meg når han sang, det var ein kjærleiksang. Men når eg skulle sei det til søstra mi, sa ho "peikte ikkje han på meg da?" Så vi er ikkje heilt sikre på kven den heldige var, mne eg trur det var meg! :)
Sia han er ifrå Amerika snakka han engelsk, men eg skjønte alt :P

Etter konserten reiste e heim til mamma og pappa:) det va ei kjempe kjekk helg med litt shopping og mykje avslappning, det kjente eg at eg trengte! Men etter ei go helg heime, kjente eg at eg gleda meg til å kome tilbake til Kongshaug til alle saman!

No nærmar kongshaug-festivalen seg, den er rett rundt hjørnet! 21-22 november..KOMKOM!!!
Eg gledar meg :D

No skal eg på butikken ganske snart for å kjøpe litt småting som ein treng for å overleve i kvardagen!!
Vi snakkast snart ;) !!!