søndag 29. august 2010

Ei veke overstått

No har det allereie passert ei veke på Kongshaug. Det har inneholdt mykje kjekt. Mandag hadde vi vår lille presentasjon. Temaet var galehus. Det var vi veldig fornøgd med. Veldig kjekt! Tirsdagen hadde vi utflukt her på øya. Det blei ein liten skogstur i staden for ein lang fjelltur som eigentleg er tradisjonen her. Etter turen tok vi båt til Lysøya, der Ole Bull har sitt "lille" slott. Der var det ein konsert med nokre Kongshaug elevar og lærarar. Onsdagen tok kontaktlærarane våre oss med på ein tur vi ikkje visste ville føre oss. Alt vi fekk beskjed om å gjere, var å pakke med oss badetøy og ha litt varme klede på oss. Vi endte altså opp på ein plass her i Os, mot Haljem der det var eit basseng med 30 grader og fin uteplass. Det regna godt, men det var utruleg kjekt å bade uansett. Vi hadde quiz, grilla og kosa livet av oss trass veret. Seinare var det 2. klasse sin tur å presentere seg. Veldig bra opplegg!
Torsdagen var ein vanleg skuledag med ny songlærar! Eg er så glad for det. Utruleg dyktig. Fredagen var det min fyrste gong på kjøyretime. Det gjekk veldig bra. Er særs fornøgd. Det triste var jo at eg gjekk glipp av det store søvnkurset som skulle vere på skulen, menmen........ Satsar på at det ikkje blir eit problem i framtida.
På kvelden var det 1. klasse som skulle ut i ilden. Utruleg flinke elevar der òg!
Vil berre også få sagt at eg går på ein skule med nokon fantastiske folk. Blir berre så motivert kvar dag berre å sjå dei fine ansikta! Eg er velsigna på høgt nivå!

Må også få sagt at på fredagen gjorde eg noko så craaaazy!! Eg bestilte meg ein Iphone 4!! Maaaaan.... Det er sjukt, men veldig kjekt. No kan eg ikkje vente med å få den i posten. Eg har hatt min noverande mobil i ca 5 år, så eg tenkjer det er på tide å kjøpe seg ein ny, når den no har begynt så vidt å svikte. KJEKT!

Kjenner at 3. klasse skal bli eit bra år! Åå, som eg skal nyte det!

søndag 15. august 2010

Ei veke igjen

På fredag hadde eg min siste dag på Rema 1000 for denne sumaren. Det var både deilig og nesten litt vemodig. Men mest deilig, for no har eg jobba ein del veke. I går kjøyrde vi til Stranda for å besøke familien. Berre for åskryte litt, så kjøyrde eg heile vegen, frå Askøy og heilt til huset til søstra mi og familien på Stranda. Litt stolt :)
I dag har Eskil, min nevø, bursdag. Han blir 5 år, så for å feire det litt, så var vi på fjellsætra. Der sola vi oss litt, nokre bada, og så åt vi pannekake på stormkjøkkenet. Herleg! Seinare skal vi ete pinnekjøtt og litt diverse. Mmmm..

Her skal vi vere til onsdagen, før vi reise til Lid for å besøke broren min og familien. Så reiser til tilbake til Bergen på torsdagen.

Dette synes eg er ein fin måte å tilbringe siste sumarveka på!

søndag 8. august 2010

Er det mulig?

No har eg komt igjen frå ei fantastisk veke på UL! Det var ein opplevelse utan like.
Flotte songar som var jo ein tale for seg sjølv, tankevekkande talar som satte seg i hjarte på meg. Seminarane var kjempebra. Dei snakka om ting som faktisk ungdommen går og tenkjer og lurer på. At dei får satt eit kristent syn og perspektiv på det som er relatert til det samfunnet har veldig fokus på. Eg kan med handa på hjarte sei at dette har vore det beste UL`et mitt, EVER!

Noko eg har gått å tenkt på og blitt så fasinert over, er kor forskjellege folk er. At ingen er like, og alle er så fine og skapt spesielt av Gud. Det er så kjekt å sjå rett og slett kor fine alle er. Og det er jo ikkje rart. Vi er jo teikna i Guds bilete.

Gjekk du glipp av UL i år, så vil du ikkje gjere det igjen! Kom til neste år, eg meinar det! Du vil få ein opplevelse utan like. Det fekk eg. Og det beste av alt, er at du kan vere deg sjølv. Folk er hyggelege og pratar med deg, sjølv om aldri har sett dei før i ditt liv. Vi er som ein stor familie. Og det er jo sant.

Den nye veka som kjem no, skal eg jobbe. Byrjar på tirsdag kl 0700. Det er ein brå start, men får nå slapppe av og sove mykje i morgon. Det blir deilig.
Det er kjekt å kome heim etter ei så god veke som eg har hatt. Å sjå tilbake på alt ein har fått oppleve, er kjekt. Eg kjenner at eg setter pris på ting så mykje meir.

Tenk kor heldige vi er som kan få møte andre mennesker på ein kristen "festival", utan noko problem, nokon som skal kome og arrestere oss for det vi trur på. Vi er heldige!
Gud er fantastisk.
Og dersom du ikkje var på UL og fekk med deg dei fine talane, så kan du gå inn på UL.no og sjå dei på nettet. Gjer det!