På fredag hadde eg min siste dag på Rema 1000 for denne sumaren. Det var både deilig og nesten litt vemodig. Men mest deilig, for no har eg jobba ein del veke. I går kjøyrde vi til Stranda for å besøke familien. Berre for åskryte litt, så kjøyrde eg heile vegen, frå Askøy og heilt til huset til søstra mi og familien på Stranda. Litt stolt :)
I dag har Eskil, min nevø, bursdag. Han blir 5 år, så for å feire det litt, så var vi på fjellsætra. Der sola vi oss litt, nokre bada, og så åt vi pannekake på stormkjøkkenet. Herleg! Seinare skal vi ete pinnekjøtt og litt diverse. Mmmm..
Her skal vi vere til onsdagen, før vi reise til Lid for å besøke broren min og familien. Så reiser til tilbake til Bergen på torsdagen.
Dette synes eg er ein fin måte å tilbringe siste sumarveka på!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar