mandag 14. mars 2011

Glad!

No har eg ein del kjekke ting å sjå fram til!
På lørdag er jo den kjekkaste dagen i året for meg, kan eg vel sei. Då har eg som mange skjønte, bursdag :D Eg blir heile 19 år.. Wow, snart 20 :S... Det som er kjekt den dagen, er at eg skal reise med ein god gjeng til Oslo på Gaither-konsert. Det ser eg veldig fram til. Sjølv om eg kjem til å tilbringe mykje av dagen min på eit tog, så trur eg det blir ein opplevelse, sidan eg reiser som sagt med ein god gjeng! Første Gaither-konserten min evvahhh.. Skulle tru eg hadde hørt dei LIVE før, men nei.. Det har berre ikkje blitt til slik at det har gått ann. Men no blir det andre boller!
Helga etter er det vårfest og det gledar eg meg veldig. Det blir så bra program frå alle klassene. Så til alle foreldre, gled dykk! Då skal vi sette opp konsertar, musikalar og skulearbeid. Det blir også Händel Messias på søndagen. Så kom å høyr alle saman. Det er jo noko for seg sjølv, absolutt!

No er det jo siste innspurt for dei vanlege karakterane som skal settast, og det er litt rart. Snart ferdig for alltid på denne skulen. Trist! Sjølv om ein er klar for å kome vidare i livet, vil det alltid henge igjen ein liten bit av meg på denne plassen her! Lærarane, elevane, området osvosv..... 3 fantastiske år, maaan!
Men no skal eg ikkje bli sånn sippete allereie no. Må nå vere måte på! Skal kose livet av meg denne siste tida, og utnytte den godt!

Har også fått russeklea mine i posten. Alt passa perfekt! :D Så no skal eg kome i full gang med maling, stryking og alt det der som følgjer med det å forberede seg til russetida! Å glede stor :D

Her er eit bilete som viser utsikt til den nydelege himmelen ein fortryllande kveld her på Kongshaug i 2 klasse.



Såg tilbake på nokre bilete frå julefesten 2010. Og der var det nokre artige bilete som eg fekk meg ein god latter av, og eit smil om munnen på at dette kjem eg til å sakne!!!

Svake augneblink...... (Gutane med øyredobb altså.. Ikkje dei nedanfor ;))