søndag 17. januar 2010

Nytt innlegg? JA

Ja, no er det ei stund sida jula var ferdig!
Det var ei god feiring må eg sei. Då feira vi Jesu fødsel, og at Elida blei døpt!
Det var ein stor og sterk opplevelse for meg. Eg fekk nemleg vere gudmor for ho å bere ho fram. Stolt tante då, for å sei det sånn! Det var ein stor dag for både store og små.
Dei tre minste ungane i familien Belt

Stolt tante!
Litt bleieskift på slutten av den store dagen til Elida!


No er det tilbake til kvardagane som går ut på å:
- Å gå på skule
- Gjere lekser
- Ha prøver
- Helg
- Legge seg tidleg og vere opplagt til neste skuledag!
- Vere på Kongshaug :D
- Vente på ferien som er rett rundt hjørnet (Gran Canaria! :D)
- Påskeferie
- Spania igjen med skulen
- Sommerferie!

Ja, dette er det som eg gjer på, tenkjer på, og gjer i praksis.

I dag har eg vore på basar på Sørøyane bedehus, det var utruleg kjekt, lenge sida eg har vore på det! Eg vann ei skål til å ha frukt oppi, ein Kongshaug-plakat og fotballsokka. Då blei eg glad!

No skal eg slappa av med ei god bok av Karen Kingsbury - Baxter-sagaen! Anbefala på det sterkaste!

Ha ein god søndagskveld vidare!