mandag 31. august 2009

Kongehelg!!!

Dinna helga som var, har vore så kjekk!!
Fredagen er jo dagen då helga byrjar, så det er jo ein maks dag :)
Lørdagen slappa eg mykje av og berre var med folk. På lørdagskveldane er det noko nytt som har begynt. Kl 8 er det cafè oppe i Villaen med veldig god kvelds. Det er både sosialt og så får du følelsen av sånn typisk heime-kos, sjølv om det ikkje er heilt det same, er det vertfall mykje kjekkare enn vanlig kvelds...!
Søndagen måtte eg stå opp tidleg, for då skulle eg synge i Salem, og det var veldig kjekt :)
Eg fekk med meg Torbjørn og Christian til å spele, og dei var heilt råflinke :) Tusen takk gutta! Så var Anneli med meg for "moralsk" støtte.. :)
Etterpå gjekk vi på kino. Vi delte oss, jentene og gutane. Gutane såg ein barnefilm som dei ikkje blei så heilt fornøgd med, mens Anneli og eg såg ein mykje betre, The Proposal :D Den va så søt. Verkeleg verdt å sjå!


Så gjekk vi på Dolly for å få oss noko mat i magen. Mmmm!
På slutten av dagen i byen, gjekk vi på besøk til Kristoffer på sjukehuset, og det var så godt å sjå han igjen, sjølv om eg var der berre for 2 daga sida :P
Han har ein del å komme seg gjennom, så er så utruleg bra om dokke fortsette å be for KE! Han treng det mykje, og så får han så mykje styrke av det! Kristoffer er rett og slett berre heilt fantastisk!!! Gud er GOD!

No har ei ny veke på Kongshaug begynt, så det er berre å sette seg i selen igjen. I morgon skal vi til Os for å få med oss eit slags debatt-møte eller kva eg skal kalle det. Det er i vertfall om valget, så då kjem det representantar frå dei ulike partia, så det gledar eg meg veldig til!

Håper dokke kosar dokke der ute i den vide verda, det gjer eg! :D