onsdag 3. juni 2009

Få, men fine dagar igjen!

No nærmar det seg sumarferie! Det kjenner eg at det skal bli deilig!
Kongshaug er ein kjempebra plass, men ferie trengs nok også. Det som er kjipt med slutte i 1. klasse er at då slutter 3. klasse. Det er ganske trist, for eg (og fleire) har blitt godt kjent med denne gode gjengen, så då spør eg, kva blir Kongshaug utan dei? Ikkje veit eg.. Men det blir nå ganske kjekt å få inn ei ny klasse da, ein ny gjeng som var lik oss då vi byrja, det blir artig å sjå.

Det som også er ganske trist er at eg ikkje får dele rom med denne fantastiske jenta her: Øyvor!!! Vi har hatt det så kjekt i lag, we are the best roomteam ever!
Vi får heller ha mange pysjparty på romma våre i 2 og 3 klasse :D



1. klasse :)


Dinna ferien skal eg finne på ein del å gjer!
Eg skal for det første jobbe på Domkirkehjemmet (ein sjukeheim), reise på UL, på GF og ha 2 vekers ferie heime på Sunnmøre :D
Eg gledar meg til å bli brun og kose meg med familie og vener!

På mandag var alle her på Kongshaug ute og koste oss i ei knakandes fin sol, eg for min del gjordet det. Det som var ulempen med det, var at då eg trudde eg skulle bli brun, blei eg raud. Ja, eg blei rett og slett veldig solbrent, og det er så låkt..! Men det går nå over etter nokre dagar håpar eg..!

I morgon skal vi snart ha internavsluttning for 3. klasse og det trur eg blir veldig stas, sikkert nokre tårer og, men det følle no berre med ;)