lørdag 31. juli 2010

Klar!!!

I dag hadde eg min siste dag på jobb, enn så lenge.. No er eg så sjukt klar for UL 2010!!! Eg gledar meg som ein unge, og det skal noko til.
I morgon får vi besøk av Per Inge og Astrid. Dei skal sove over her til mandag, så bære det rett til Ålgård! Ein dag for tidleg, men sidan dei skal vere ledarar, så henge eg meg også på, så får eg koseleg skyss, og kose meg i fineveret enn så lenge det varer..
Du som ikkje har tenkt deg, kom deg ut av sofastolen og meld deg på, det går fortsatt an, og du kan også berre kome same dagen som det byrjar og melde deg på der og då! Dette vil du ikkje gå glipp av, trust me!

Ha ein fortsatt god ferie vidare folkens :)

onsdag 28. juli 2010

Vi prøvar igjen..

No skal eg legge meg, og sette kl på 0545, så prøvar vi igjen og ser korleis det går. Kanskje kjem eg meg på jobb til rett tid denne gongen :P
Go natt!

tirsdag 27. juli 2010

Flinke Sigrid Karine..

I dag skulle eg byrje på jobb kl 0700. Eg satte alarmen på for å få god tid, sia eg ikkje har bil, og må gå til jobb. Eg går på badet, steller meg, og går på kjøkkenet for å ete frukost. Så ser eg plutselig på klokka, og der står det 0656, NEI, eg stilte klokka mi på feil tidspunkt. Eg tok den på 0645 i stede for 0545. Smarte meg. Så eg fekk ein ganske stressa morgon for å sei det sånn. Fekk ikkje tid til å ete frukost, og måtte vente 4 timar med det, til pausen min skulle byrje. Er ikkje det typisk?

Og i går var det ein kunde som skulle ha Winnertip. Eg som ikkje er så kjend med kva det er, roper i mikrofonen vi har i butikken "tipping". Så kjem han som tek tippingen, og seier til meg at kunden skulle ha Winnertip, røyk. Eg som har så mykje "peiling" på det, klarte å drite meg saftig ut då. Lang kø var det også, så det gjor ikkje ting betre. Det var ikkje første gong eg har tatt feil med det dere greiene der..

No et eg spagetti og drikk Cola :D Mmmmm!!!!

torsdag 22. juli 2010

BASAR!

I dag har eg fri, og eg skal på basar! Det befinne seg på Tysnes, der pappa er ifrå.
Mamma, pappa og eg reiser først på besøk til onkel og tante, for så å reise på bedehuset. Det gledaer eg meg til. Eg skal ta masse lodd, slik at eg er sikra å vinne noko, + at det blir mykje pengar til misjonen. Alltid kjekt med basar.

Eg et mykje jordbær og eg elskar det!

onsdag 21. juli 2010

Fortsatt ferie..

Ja, her sit eg i huset mitt på Askøy og ser på TV, som eg har gjort for det meste av tida. Det er jo tross alt ferie. Eg har jobba i 3 veker no på Rema 1000 og det er kjekt no når eg har blitt betre kjend med mine kollegar, og rutinene mine har blitt mykje betre. Eg treffer mange artige folk. Kassadame er kjekt.
Tida går for det meste til å slappe av etter jobb, eit stykke frå byen, så blir ikkje så mykje tid til det. Men DU er hjartleg velkomen ut hit, dersom det skulle passe seg slik. KJekt med besøk :)
No har eg 1 1/2 veke igjen før det er tid for UL. Det gledar eg meg så grådig til.
Å få høyre på talar/seminar kvar dag, lovsynge, gå på konsertar og artige hendingar KVAR BIDIGE DAG i 5 dagar, er så fantastisk! Blir kjekt å få sjå igjen kjendsfolk, og verkeleg kose meg med kule folk, kan ikkje bli betre.

Som dykk også ser, har eg fått ein ny look på bloggen min. Likar roser, så då gjekk det nå fint å ha denne typen :)

Vil ynskje dykk ein solfylt sumar vidare!