Ja, her sit eg i huset mitt på Askøy og ser på TV, som eg har gjort for det meste av tida. Det er jo tross alt ferie. Eg har jobba i 3 veker no på Rema 1000 og det er kjekt no når eg har blitt betre kjend med mine kollegar, og rutinene mine har blitt mykje betre. Eg treffer mange artige folk. Kassadame er kjekt.
Tida går for det meste til å slappe av etter jobb, eit stykke frå byen, så blir ikkje så mykje tid til det. Men DU er hjartleg velkomen ut hit, dersom det skulle passe seg slik. KJekt med besøk :)
No har eg 1 1/2 veke igjen før det er tid for UL. Det gledar eg meg så grådig til.
Å få høyre på talar/seminar kvar dag, lovsynge, gå på konsertar og artige hendingar KVAR BIDIGE DAG i 5 dagar, er så fantastisk! Blir kjekt å få sjå igjen kjendsfolk, og verkeleg kose meg med kule folk, kan ikkje bli betre.
Som dykk også ser, har eg fått ein ny look på bloggen min. Likar roser, så då gjekk det nå fint å ha denne typen :)
Vil ynskje dykk ein solfylt sumar vidare!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar