onsdag 24. november 2010

Bye Africa, hello Christmas!

Her kjem eit litt seint innlegg om Afrika-turen min. Men betre seint enn aldri, velgjer eg å sei :)

Eg reiste åleine frå Kongshaug, og møtte mine medreisande frå Sygna og Tryggheim på Amsterdam-flyplass. Veldig koslig gjeng!
Flyet gjekk kl 06:25.. Litt tidlig å stå opp då ja, men gjekk fint sia pappa køyrde meg.
Vi ankom Addis Ababa seint same dagen. Der var vi i 2 daga, før Regine og eg reiste til Arba Minch og Jinka. Det var 2 dagsreiser med bil, kvar veg. Humpete og kjekt det :)Der fekk vi sjå arbeidet på sjukehuset som vi støtter, som er å forminske den høge mødre- og barne dødelegheita. Veldig spennande. Vi var elles på marked. Der kjøpte vi litt typiske etiopiske kle, og frukt. Kjekt å gå som ein av dei innfødte i gatene. Det er noko med det å oppleve landet, gåande, og ikkje berre køyre rett gjennom det.
Vi var på barsel-besøk, ei dame som hadde født for 8 dagar sidan. Vi såg korleis dei gjorde forskjellege ting, ettersom korleis kulturen sa det skulle vere. Noko som var veldig sterkt å sjå, var dei som hadde fått noko som heite Fistola. Det er når urinen kjem ukontrollert, som følge av at dei ikkje kjem seg til hjelp under fødselen. Mange får nettopp dette. Prosjektet vår på Kongshaug er med på å byggje fleire helsestasjonar, som har folk med god nok kompetanse til å hjelpe uansett tilstand. Det er så viktig. 130 dør kvart år pga mangel på dette. Det var vanvittig sterkt å sjå dette med eigne auge. Det er noko med det å sjå ting på nærthald, at ikkje ord berre blir ord, men ein realitet. Det var nesten for uverkeleg til å ta innover seg. At det går ann! Vi som bur i Noreg, burde vere så takksame. Det er eg vertfall etter ein slik tur. Ingenting er ein selvfølge.
Men det som er så bra, er at vi kan vere med på å hjelpe dei som treng det, vi som bur her i eit så godt land. Eg har fått augene enda meir opp for det! Håper du også gjer det :)
Eg reiste med ein fantastisk gjeng som eg er veldig glad for at eg blei kjend med!














Ei veke etter var det Kongshaug-festivalen som sto på lista. Det var ein opplevelse rett og slett. Klassa samarbeida kjempebra, og konsertane var utruleg kjekke å høyre på! Var kjekt å sjå at så mange kom den helga. Er særs nøgd med klassa mi!

No er det skule som tek på. Og snart er det konsertar frå vår side. Vi skal ha konsert den 13. desember i Os kyrkje kl 19:00. Få med deg det! Er så sjukt verdt. Julestemning. Eg gledar meg!
Same konsertane byrjar neste dag kl 07:30. Kjekt å stå opp 04:00! Kom kom!

Eg gledar meg til jul. Familie og bodskapen er det beste med jula!
Snakkast folks!

mandag 27. september 2010

På tur i Guds frie natur

I går var det søndag, og då var det skyfri himmel og sola steikte. Då tenkte eg at det var på tide med ein liten tur. Eg gjekk først til snuplassen, og deretter ned ein liten grusveg. Så kom eg ned til sjøen, i ei lita vik, og satte meg på ei lita smal bru. Der var det så stille at eg kunne sjå ned i det klare vatnet. Fiskane koste seg, og det gjorde eg óg.

Her er nokre bilete av turen som eg tok med min nye Iphone 4 :)





torsdag 23. september 2010

Reisejente til 1000 :D

No er det mykje som står for døra i mitt liv. Om ei veke i morgon, reiser heile Kongshaug til LONDON i 6 dagar!!! Det e heilt sjukt. Eg har aldri vore i London "in person" før. Var i magen til mamma, men det teller vell ikkje?
Så no er det fullt kjør fram til det. Skal bli ferdig med særemne i Mip i haustferien, for eg skal nemleg.. hald deg fast no.. Eg skal til Afrika, baby :D Eg blei valgt ut frå mi klasse for å representere vårt bistandsprosjekt. Så eg reiser igjen ca 2 veker etter haustferien. (Anten Kina eller Etiopia). Eg er heilt på tuppane av glede. Eg skal snart gjere meg klar for vaksinering, og setje meg på flyet om ikkje lenge! Wow, dette skjer verkeleg!
I år blir det meir enn 2 veke med haustferie, og det er jo maks-bra! Sjølv om det blir ein del skulejobbing, så skal eg kose meg mykje med familie og vener. Elida, mi yngste niese, blir 1 år! Det er stort. Så haustferien skal gå til litt feiring òg.

Dersom du lurte, har eg og Iphonen min det som plommen i egget! Vi går så godt ilag. Vår kjærleik til kvarandre er stor! Eg er så nøgd med valget mitt :D

Vil leggje ut bilete når den tid kjem for det. Ellers så snakkast vi. No regnar det her på Kongshaug, det er trist!

fredag 10. september 2010

NY TELEFON!!!

I dag fekk eg min kjære Iphone! Eg har venta på den i mange dagar no. Kvar gong postbilen kom, var det å spurte bort til hylla mi for å sjå om det hadde komt pakke til meg. Men kvar dag blei eg like skuffa. Eg ringte til TNT, som eg ikkje er heilt sikker på kva er, men eg ringte allikevel. Dei sa at eg skulle få telefonen i dag. Så når posten kom i dag, var det ingen hentelapp eller pakke i hylla. Skuffa igjen tenkte eg at kanskje posten hadde komt til Bunnpris, men at hentelappen var blitt forsinka. Så eg skulle til å ta mobilen min å skrive referansenummeret på den, så såg eg at det var komt ei melding om at det var ein postpakke til meg hos økonomi-mannen, Oddvar. Då var den altså komt, min kjære Iphone! Eg var så sjukt i 100 dei første minutta rett etter mitt første møte med min nye telefon. Det var blitt verkeleg. Eg hadde fått Iphone 4!!! Heilt sjukt!



Men no skal du høre. Når eg skulle byrje å koble den saman, fann eg til slutt ut kor sim-kortet skulle vere, og det var så lite rom, at eg måtte ha sånn lite mikro-sim-kort. Det var jo den beste nedturen EVER når eg var så klar for å dille med den i heile dag, finne ut nye ting og eksperimentere med den. Og ikkje minst, brife litt :P Ikkje kvar dag ein har noko slikt å vise fram... Så no får eg ikkje starta telefonen før på mandag eller tirsdag. For det skal godt gjerast at sim-kortet kjem i morgon.. Jaja, så no ligge den her på bordet mitt, og ser fin ut. Eg tek jo litt på den, berre for kjekt, for å føle litt av magien av å ha denne type telefon. Så no ventar eg i spenning. Skal nok vere superklar når den dagen kjem, der eg skal faktisk ringe og sende meldingar med den. Og ikkje minst, spele og gjere andre kule apple-ting :P

Men det var jo den tingen som skjedde i dag. I kveld var Aurora, KE og eg på disco-bowling, men også med mange andre Kongshaug-folk. Det var utruleg kjekt. Så åt vi pizza, såg Kamilla og Tyven og kosa livet av oss. Kjekk dag, utan tvil!
I morgon er det volleyball-turnering. Kjenner at helga kjem til å gå fort i alt det kjekke som skal skje, så eg kjem nok fort i gong med ttelefonen. Ingan fare!

Det var alt for i dag, frå Iphone-dagen :)

mandag 6. september 2010

Hallaaaaaooo!!!!!

Dette er eit innlegg der eg skal snakke om ein av mine beste gutekompisar, KE. Ganske så OK.. ;)
Som dykk ser på dette bilete her, ser han kanskje ut som ein litt galning, men eg skal kanskje klare å påvise det motsatte, viss det går ;)



Han heiter Kristoffer Eknes, men blir som oftast kalt KE. Han er 20 år og kjem frå Stranda. (Ikkje same plass som meg nei ;) ).
Eg blei kjend med denne karen i 1 klasse, i paviljongen på Kongshaug, mens eg høyrde på Vortuaso-aso-aso-aso av David Phelps. Han likte den ikkje så godt for å sei det sånn. Men det er ein sang vi alltid ler av og digger. Men der var vår første bli kjend plass. Sinare har vi gjort mykje kjekt saman. KE har ikkje villa forlatt Kongshaug på 5 år. Han var her når han gjekk her i 3 år, så kom han tilbake for å vere ein type "miljøarbeidar". Men dette året er han det på skikkeleg! Det er kjekt. Mykje liv rundt denne karen her. Han er sprudlande, og alt skal vere "god stemning". Viss ikkje det er det, så ver sikker, han vil skape det!
Han er ein omsorgsperson det skal vere sikkert. Han viser at han setter stor pris på familie og vener. Og det er ikkje alle som gjer. Men KE gjer!
Denne guten likar veldig godt Gaither, vil kanskje sei at dei er ein av hans helter, eller? Han har vertfall sett, høyrt, og snakka med nokre av dei. Det får eg høyre for å sei det sånn.
Ke er veldig klok og er eit levande vitne for Jesus. eit av mine forbilete. Eit liv utan KE, er eit liv utan liv og glede i kvardagen. Han blir satt pris på av utruleg mange folk. Trur ikkje eg klarer å få ein person til å sei det motsatte av det eg skriv her.
Han kan òg vere ganske så barnsleg, som dykk
ser her: ------->



I kvar matpause, når vi sit og et, tar han alltid opp henda ein eller annan gong og blåser ein plystrelyd ut gjennom dei tette henda. Og som nokon av dykk kanskje veit, får eg ikkje det til, og det likar han å gni inn. Han får også med seg fleire som får det til, og gni det inn i meg, at alle andre får det til, men ikkje eg.
Det er han også VELDIG flink på! Men eg får nå til andre ting som han ikkje ar sjangs på. Så vit det KE, eg skal bli best på fly-spelet!
Når eg får meg Iphone, er det første eg skal gjere er å laste ned eit flyspel som eg og KE har blitt så hekta på og der konkurransen er på topp. (men eg er best).
Eg synes synd på dokke som ikkje får han her som ven, for det får nettopp eg, og det er ikkje så verst for å sei det mildt :)
Han har og ein tendens til å sei så mykje fine ord til meg, skal ikkje nevne dei her, men det veit han sjølv.. Men ingen sei slike ord som han ;)
Ke er også ein racer på gitar, utruleg «deilig» å høyre han spele, veldig behageleg!
Det er mykje å seie om denne karen her, men no får det kanskje vere nok. Kan ikkje skjemme ut guten heller! Du er i vertfall ein utruleg god ven, og dette skal bli eit siste bra år på Kongshaug med deg som miljsøarbeider.
Min konklusjon til slutt er vell at han er meir enn ein OK person etter mi meining. Har dykk noko anna dykk vil seie om denne karen her, så skriv det gjerne ned på kommentarer :)
Takk for KE!

søndag 29. august 2010

Ei veke overstått

No har det allereie passert ei veke på Kongshaug. Det har inneholdt mykje kjekt. Mandag hadde vi vår lille presentasjon. Temaet var galehus. Det var vi veldig fornøgd med. Veldig kjekt! Tirsdagen hadde vi utflukt her på øya. Det blei ein liten skogstur i staden for ein lang fjelltur som eigentleg er tradisjonen her. Etter turen tok vi båt til Lysøya, der Ole Bull har sitt "lille" slott. Der var det ein konsert med nokre Kongshaug elevar og lærarar. Onsdagen tok kontaktlærarane våre oss med på ein tur vi ikkje visste ville føre oss. Alt vi fekk beskjed om å gjere, var å pakke med oss badetøy og ha litt varme klede på oss. Vi endte altså opp på ein plass her i Os, mot Haljem der det var eit basseng med 30 grader og fin uteplass. Det regna godt, men det var utruleg kjekt å bade uansett. Vi hadde quiz, grilla og kosa livet av oss trass veret. Seinare var det 2. klasse sin tur å presentere seg. Veldig bra opplegg!
Torsdagen var ein vanleg skuledag med ny songlærar! Eg er så glad for det. Utruleg dyktig. Fredagen var det min fyrste gong på kjøyretime. Det gjekk veldig bra. Er særs fornøgd. Det triste var jo at eg gjekk glipp av det store søvnkurset som skulle vere på skulen, menmen........ Satsar på at det ikkje blir eit problem i framtida.
På kvelden var det 1. klasse som skulle ut i ilden. Utruleg flinke elevar der òg!
Vil berre også få sagt at eg går på ein skule med nokon fantastiske folk. Blir berre så motivert kvar dag berre å sjå dei fine ansikta! Eg er velsigna på høgt nivå!

Må også få sagt at på fredagen gjorde eg noko så craaaazy!! Eg bestilte meg ein Iphone 4!! Maaaaan.... Det er sjukt, men veldig kjekt. No kan eg ikkje vente med å få den i posten. Eg har hatt min noverande mobil i ca 5 år, så eg tenkjer det er på tide å kjøpe seg ein ny, når den no har begynt så vidt å svikte. KJEKT!

Kjenner at 3. klasse skal bli eit bra år! Åå, som eg skal nyte det!

søndag 15. august 2010

Ei veke igjen

På fredag hadde eg min siste dag på Rema 1000 for denne sumaren. Det var både deilig og nesten litt vemodig. Men mest deilig, for no har eg jobba ein del veke. I går kjøyrde vi til Stranda for å besøke familien. Berre for åskryte litt, så kjøyrde eg heile vegen, frå Askøy og heilt til huset til søstra mi og familien på Stranda. Litt stolt :)
I dag har Eskil, min nevø, bursdag. Han blir 5 år, så for å feire det litt, så var vi på fjellsætra. Der sola vi oss litt, nokre bada, og så åt vi pannekake på stormkjøkkenet. Herleg! Seinare skal vi ete pinnekjøtt og litt diverse. Mmmm..

Her skal vi vere til onsdagen, før vi reise til Lid for å besøke broren min og familien. Så reiser til tilbake til Bergen på torsdagen.

Dette synes eg er ein fin måte å tilbringe siste sumarveka på!

søndag 8. august 2010

Er det mulig?

No har eg komt igjen frå ei fantastisk veke på UL! Det var ein opplevelse utan like.
Flotte songar som var jo ein tale for seg sjølv, tankevekkande talar som satte seg i hjarte på meg. Seminarane var kjempebra. Dei snakka om ting som faktisk ungdommen går og tenkjer og lurer på. At dei får satt eit kristent syn og perspektiv på det som er relatert til det samfunnet har veldig fokus på. Eg kan med handa på hjarte sei at dette har vore det beste UL`et mitt, EVER!

Noko eg har gått å tenkt på og blitt så fasinert over, er kor forskjellege folk er. At ingen er like, og alle er så fine og skapt spesielt av Gud. Det er så kjekt å sjå rett og slett kor fine alle er. Og det er jo ikkje rart. Vi er jo teikna i Guds bilete.

Gjekk du glipp av UL i år, så vil du ikkje gjere det igjen! Kom til neste år, eg meinar det! Du vil få ein opplevelse utan like. Det fekk eg. Og det beste av alt, er at du kan vere deg sjølv. Folk er hyggelege og pratar med deg, sjølv om aldri har sett dei før i ditt liv. Vi er som ein stor familie. Og det er jo sant.

Den nye veka som kjem no, skal eg jobbe. Byrjar på tirsdag kl 0700. Det er ein brå start, men får nå slapppe av og sove mykje i morgon. Det blir deilig.
Det er kjekt å kome heim etter ei så god veke som eg har hatt. Å sjå tilbake på alt ein har fått oppleve, er kjekt. Eg kjenner at eg setter pris på ting så mykje meir.

Tenk kor heldige vi er som kan få møte andre mennesker på ein kristen "festival", utan noko problem, nokon som skal kome og arrestere oss for det vi trur på. Vi er heldige!
Gud er fantastisk.
Og dersom du ikkje var på UL og fekk med deg dei fine talane, så kan du gå inn på UL.no og sjå dei på nettet. Gjer det!

lørdag 31. juli 2010

Klar!!!

I dag hadde eg min siste dag på jobb, enn så lenge.. No er eg så sjukt klar for UL 2010!!! Eg gledar meg som ein unge, og det skal noko til.
I morgon får vi besøk av Per Inge og Astrid. Dei skal sove over her til mandag, så bære det rett til Ålgård! Ein dag for tidleg, men sidan dei skal vere ledarar, så henge eg meg også på, så får eg koseleg skyss, og kose meg i fineveret enn så lenge det varer..
Du som ikkje har tenkt deg, kom deg ut av sofastolen og meld deg på, det går fortsatt an, og du kan også berre kome same dagen som det byrjar og melde deg på der og då! Dette vil du ikkje gå glipp av, trust me!

Ha ein fortsatt god ferie vidare folkens :)

onsdag 28. juli 2010

Vi prøvar igjen..

No skal eg legge meg, og sette kl på 0545, så prøvar vi igjen og ser korleis det går. Kanskje kjem eg meg på jobb til rett tid denne gongen :P
Go natt!

tirsdag 27. juli 2010

Flinke Sigrid Karine..

I dag skulle eg byrje på jobb kl 0700. Eg satte alarmen på for å få god tid, sia eg ikkje har bil, og må gå til jobb. Eg går på badet, steller meg, og går på kjøkkenet for å ete frukost. Så ser eg plutselig på klokka, og der står det 0656, NEI, eg stilte klokka mi på feil tidspunkt. Eg tok den på 0645 i stede for 0545. Smarte meg. Så eg fekk ein ganske stressa morgon for å sei det sånn. Fekk ikkje tid til å ete frukost, og måtte vente 4 timar med det, til pausen min skulle byrje. Er ikkje det typisk?

Og i går var det ein kunde som skulle ha Winnertip. Eg som ikkje er så kjend med kva det er, roper i mikrofonen vi har i butikken "tipping". Så kjem han som tek tippingen, og seier til meg at kunden skulle ha Winnertip, røyk. Eg som har så mykje "peiling" på det, klarte å drite meg saftig ut då. Lang kø var det også, så det gjor ikkje ting betre. Det var ikkje første gong eg har tatt feil med det dere greiene der..

No et eg spagetti og drikk Cola :D Mmmmm!!!!

torsdag 22. juli 2010

BASAR!

I dag har eg fri, og eg skal på basar! Det befinne seg på Tysnes, der pappa er ifrå.
Mamma, pappa og eg reiser først på besøk til onkel og tante, for så å reise på bedehuset. Det gledaer eg meg til. Eg skal ta masse lodd, slik at eg er sikra å vinne noko, + at det blir mykje pengar til misjonen. Alltid kjekt med basar.

Eg et mykje jordbær og eg elskar det!

onsdag 21. juli 2010

Fortsatt ferie..

Ja, her sit eg i huset mitt på Askøy og ser på TV, som eg har gjort for det meste av tida. Det er jo tross alt ferie. Eg har jobba i 3 veker no på Rema 1000 og det er kjekt no når eg har blitt betre kjend med mine kollegar, og rutinene mine har blitt mykje betre. Eg treffer mange artige folk. Kassadame er kjekt.
Tida går for det meste til å slappe av etter jobb, eit stykke frå byen, så blir ikkje så mykje tid til det. Men DU er hjartleg velkomen ut hit, dersom det skulle passe seg slik. KJekt med besøk :)
No har eg 1 1/2 veke igjen før det er tid for UL. Det gledar eg meg så grådig til.
Å få høyre på talar/seminar kvar dag, lovsynge, gå på konsertar og artige hendingar KVAR BIDIGE DAG i 5 dagar, er så fantastisk! Blir kjekt å få sjå igjen kjendsfolk, og verkeleg kose meg med kule folk, kan ikkje bli betre.

Som dykk også ser, har eg fått ein ny look på bloggen min. Likar roser, så då gjekk det nå fint å ha denne typen :)

Vil ynskje dykk ein solfylt sumar vidare!

onsdag 30. juni 2010

Kassadame

Ja, no er eg altså tilbake til Askøy etter ei fantastisk veke på Stranda med familien min!
I dag hadde eg min første dag på Rema 1000. Der satt eg i kassa heile dagen og smilte til kvar kunde. Det var kjekt. Dagen gjekk fort. No skal ikkje eg jobbe før på freddag igjen, så det blir deilig med fri i morgon. Men då veit ikkje eg kva eg skal gjere. Slappe av, kjede meg, slappe av litt meir.. Lese, og litt på datan også da.. Men eg skal nyte livet, og kjede meg så mykje at eg blir overlykkeleg når eg treffe folk som eg kjenner. Så viss det er stemning for det, ta deg ein tur innom Askøy og besøke meg i mitt hus.

fredag 25. juni 2010

Ferie

No er ferien starta for fullt! Eg har byrja å jobbe på Vestborg på Stranda. Der vaskar eg og styrar på, men det er berre for ei veke, fram til tysdag. Då bærer turen vidare til Bergen igjen, for å jobbe på Rema 1000 på Askøy.
No er eg som sagt på Stranda, min "tidlegare" heimstad. Her er eg på besøk med familien min, systra mi med familie. Det er kjempekjekt. Etter eg kjem heim frå jobb, går det i å leike med ungane, ete og kose oss foran TV-skjermen for å sjå på VM.
Tidlegare i dag, på kvelden, kjørte vi inn i bygda for å fiske. Med det første fekk vi dårleg med napp, men etter ei kort stund fekk vi så det sang etter. Fisk etter fisk satte seg på kvar vår fiskekrok, og det blei til saman 20 stk. Det var ikkje dårleg etter mi meining. Men det som venta oss når vi kom tilbake var kyllinglår og anna særs god mat på bordet, klar foran TV`en. Så fiskemat blir nok ikkje før i morgon. Det skal bli godt med nyfiska sei. Nam.
I morgon er det kanskje stemning for camping-tur til Valdalen. Der skal vi slappe av og nyte livet i saman. Kanskje vi skal bade litt? Og dersom jordbæra er klar der inne, unngår vi sikkert ikkje å kjøpe nokre korger. Dei er nemleg dei beste jordbæra som finnes.
No skal eg leggje meg utan å sette på alarm til kl 07:00 på klokka mi. Det skal bli herleg å sove litt ekstra enn vanleg. Så ikkje ring meg!
Sov godt alle der ute, og nyt ferien maksimalt. Skal nok sikkert høyre meir frå meg seinare utover ferien, dersom det skjer noko utanom det vanlege. Maybe..

onsdag 26. mai 2010

Fin helg og veke!

Ja, denne helga som var for 3 dagar sidan, var veldig kjekk! Paintball sto blandt anna på programmet, men sidan eg vann i fjor, tenkte eg at eg kunne gje meg mens eg var på topp, og heie inn eit nytt lag i finalen, for det vert jo kjedeleg med same folka på seierspallen, tykkjer eg.
Det var også Orangutang, mange fline som var med å deltok der!

Men etter ei kjekk helg, kjem det skulearbeid. Så no er det Mip-lesing, og høyre på lytteeksempel. Og no til helga, kjem Belt-Lid-familien på besøk til Askøy, så det blir skøy ;)

Spanande kamp.

Fin gjeng!

Ja, nokon likar seg sjølv meir enn andre.

Fantastisk stemme!



Vi hadde vår liten minikonsert etterpå, sant Aurora? ;)
Shalabays ;)

onsdag 28. april 2010

Briller????

That`s right! No har eg har fått meg briller! Dei kom i posten i dag, det var kjapt berre to dagar etter synstesten. Cred!
Så slik ser eg ut. Get use to it ;) Men eg har også linser som eg skal bruke mykje, men det er jo ingen vits å ta bilder av. If you know what I mean ;)
Så her er eg med dei fine brillene mine :)




Snakkast!

tirsdag 27. april 2010

Mykje...

Ja, no har eg litt å fortelje.
Desse siste to dagane har det skjedd ein del.
På mandag var eg til tannlegen, og fiksa tennene mine. Det var ein lettelse å få det overstått. Deretter var eg med optikeren i Bergen. Der skjekka eg synet mitt, og det viste seg at eg har 1.75. Så vidt eg har skjønt det, er eg nærsynt. Eg ser vertfall bra nært.
Så no har eg fått meg linser, og skal få briller til helga. Det blir litt rart, men sikkert ein vane som eg skal klare å venje meg til!
I dag og i morgon, skal vi filme på NRK-prosjektet vårt. Det gjekk veldig bra i dag, så håper og ber vi om bra ver i morgon også. I dag var det strålandes ver! Herlighet! DIGG!

Skal forresten til Barcelona i Spania den 10 mai, og gledar eg meg vilt til! Opplevelse utan like!

Her er også eit lite bilete frå vårfesten som ikkje var for så lenge sidan. 1.klasse gjorde ein særs god jobb.!

fredag 19. mars 2010

Bursdagsfeiring :D




Ja, i går var min bursdag, 19 mars, ein fin månad, (og dag, ikkje minst :-D).
Torsdag kom mamma og pappa med kake, pakkar, godteri og brus! Og ROSER! Det var utrulig kjekt, at dei ikkje har så langt å kjøre, slik at dagen min skal bli maksimalt bra!
Fredagen, 19 mars, blei eg vekt med fin bursdagssang, kake og bollar. Anneli hadde laga eit lite rebusløp til meg, som ein liten payback til det eg gjorde til hennar bursdag ;-)
Då fekk eg mange søte pakkar. Bl.a ein camp rock matboks, DIGG!
Seinare fekk eg fin sang av heile skulen, når vi skulle ta opptak til NRK-prosjektet! FANTASTISK, er det å få sang til ein!
Vi åt pizza til middag, og koste oss til kveldsen kom. Sidan eg fekk så mange kaker, og hadde så mykje godt på lager, tenkte eg at vi i klassa kunne kose oss litt med dette, så eg avtalte med klassa at vi skulle vere oppe i Villaen. Men når eg kom til matsalen, var det allerede overraskelsesfest for meg! Eg blei så rørt! Der sto heile klassa og sang, hadde dempa-stemnings-lys, og fin musikk. Eg blei så glad, du anar ikkje!
Eg ser at eg går i ei fantastisk klasse, med berre brae folk!
No når eg skal til å leggje meg, ser eg på det fine eg har fått:

- Roser og sko (snart gitar)
- Krone
- Bind (haha..)
- Gavekort på ein tur ein plass i Noreg! :D
- Hestebriller
- Sjokolade
- Og mykje anna digg :D
Eg vil takke alle saman som har gjort 18-års dagen min uforgløymeleg!!!












Ho her, er rååå!!!



Flotte gutar.

Fine roser!
Godt kake/godteribor! Før:

Etter:


Ser dokke kor stor forekjell det er på alderen? ;-)

onsdag 17. mars 2010

Oppsummering

Mykje har skjedd!
Eg har vore på konsert med Talley trio (snakka med Lauren Talley personleg, opplevelse!!!), på besøk med Øyvor, vore på Figaros bryllaup i Grieghallen med klassa og mykje meir. Det har vore så kjekt!
Forrige helg, var det Vision Kongshaug! Det var utrulig bra. Mange brae taler, lovsang, folk og sosialt fellesskap! Det var ein opplevelse! (Må berre sei at eg eigde vision-folka i kort-spel og settlets;-) )
På søndagen var Mari og eg langt vekke i gokk og sang på eit bedehus på Helle, ute på Radøy! Det var veldig kjekt. Koslege folk som var der på årsmøte for NLM. :-)

Har ikkje så mykje bilete å syne her no, men det var jo ein liten oppsummering om kva eg har gjort i det siste :-)

Eg må jo også sei at eg ser fram til fredag, då er det min dag :-) Den helga skal bli bra, med både folk og synging på søndagen :-)

Byebye :-)

onsdag 10. februar 2010

Februar - ein god månad!

Første helga i februar var det langhelg! Det var utrulig digg.
Mamma, pappa og eg kjørte til Stranda på fredagsmorgen, og var på plass i huset til Margareth m/fam i 3 tida, vi henta Eskil i barnehagen, der det var mange unga i vindauget som sto å venta på sine foreldre, Eskli var den heldige denne gongen.
Vi bodde nede med Margareth og dei heile helga. Elida hadde også blitt mykje større, prata mykje baby-språk og smila jo heile tida!!
Seinare på kvelden såg vi finale av "det store kosrslaget".
Laurdagen var det ned i kyrkjehuset for å vere på basar, der barnekoret til Margareth (mitt og mamma sitt gamle) skulle syngje. Dei var utrulig flinke! Seinare på dagen var vi på vestborg-cup, der eg traff mange gamle kjende. Det var så koseleg, å sjå dei etter ei lang tid. Per Inge m/fjellhaug-folk kom også til Stranda, så det var kjekt å sjå han igjen også.
På kvelden såg vi finale av "Melodi Grand Prix", som var kjempekjekt! Didrik var ein klar vinnar, sjølv om sangen er typisk grand prix låt med modulasjonar og fyrverkkeri på scena, så var det kjekt at han vann!
Søndagen reiste vi tilbake til Bergen, til Kongshaug! Det var ein fin tur. Med god mat og fine cd`a, kan ein få ein utruleg kjekk biltur!

No til helga skal eg besøke Øyvor i Stavanger, for så å gå på konsert på lørdagen på "singing in the city". Der skal Martha Berit sitt kor - divisi, syngje og kore til Talley Trio, ei av mine favoritt sang-grupper frå USA! Det blir ein opplevelse utan like!

Neste helg igjen, kjem Margareth m/fam på besøk til Bergen, då har dei vinterferie! Då kjem eg jo selfølgeleg på besøk til Askøy for å vere med dei.

Siste helga i februar byrjar vår vinterferie, då er den store "happeningen" min!!!!
Då skal nemleg mamma, papap og eg til Gran Canaria!! Herliiiighet!! Eg gledar meg så sinnsjukt!

Dette er min månadsplan, som dokke ser, veldig god månad!!
Eg skal nok komme sterkt tilbake igjen etter eg har vore på desse hendingane! We will see ;)

søndag 17. januar 2010

Nytt innlegg? JA

Ja, no er det ei stund sida jula var ferdig!
Det var ei god feiring må eg sei. Då feira vi Jesu fødsel, og at Elida blei døpt!
Det var ein stor og sterk opplevelse for meg. Eg fekk nemleg vere gudmor for ho å bere ho fram. Stolt tante då, for å sei det sånn! Det var ein stor dag for både store og små.
Dei tre minste ungane i familien Belt

Stolt tante!
Litt bleieskift på slutten av den store dagen til Elida!


No er det tilbake til kvardagane som går ut på å:
- Å gå på skule
- Gjere lekser
- Ha prøver
- Helg
- Legge seg tidleg og vere opplagt til neste skuledag!
- Vere på Kongshaug :D
- Vente på ferien som er rett rundt hjørnet (Gran Canaria! :D)
- Påskeferie
- Spania igjen med skulen
- Sommerferie!

Ja, dette er det som eg gjer på, tenkjer på, og gjer i praksis.

I dag har eg vore på basar på Sørøyane bedehus, det var utruleg kjekt, lenge sida eg har vore på det! Eg vann ei skål til å ha frukt oppi, ein Kongshaug-plakat og fotballsokka. Då blei eg glad!

No skal eg slappa av med ei god bok av Karen Kingsbury - Baxter-sagaen! Anbefala på det sterkaste!

Ha ein god søndagskveld vidare!