fredag 10. september 2010

NY TELEFON!!!

I dag fekk eg min kjære Iphone! Eg har venta på den i mange dagar no. Kvar gong postbilen kom, var det å spurte bort til hylla mi for å sjå om det hadde komt pakke til meg. Men kvar dag blei eg like skuffa. Eg ringte til TNT, som eg ikkje er heilt sikker på kva er, men eg ringte allikevel. Dei sa at eg skulle få telefonen i dag. Så når posten kom i dag, var det ingen hentelapp eller pakke i hylla. Skuffa igjen tenkte eg at kanskje posten hadde komt til Bunnpris, men at hentelappen var blitt forsinka. Så eg skulle til å ta mobilen min å skrive referansenummeret på den, så såg eg at det var komt ei melding om at det var ein postpakke til meg hos økonomi-mannen, Oddvar. Då var den altså komt, min kjære Iphone! Eg var så sjukt i 100 dei første minutta rett etter mitt første møte med min nye telefon. Det var blitt verkeleg. Eg hadde fått Iphone 4!!! Heilt sjukt!



Men no skal du høre. Når eg skulle byrje å koble den saman, fann eg til slutt ut kor sim-kortet skulle vere, og det var så lite rom, at eg måtte ha sånn lite mikro-sim-kort. Det var jo den beste nedturen EVER når eg var så klar for å dille med den i heile dag, finne ut nye ting og eksperimentere med den. Og ikkje minst, brife litt :P Ikkje kvar dag ein har noko slikt å vise fram... Så no får eg ikkje starta telefonen før på mandag eller tirsdag. For det skal godt gjerast at sim-kortet kjem i morgon.. Jaja, så no ligge den her på bordet mitt, og ser fin ut. Eg tek jo litt på den, berre for kjekt, for å føle litt av magien av å ha denne type telefon. Så no ventar eg i spenning. Skal nok vere superklar når den dagen kjem, der eg skal faktisk ringe og sende meldingar med den. Og ikkje minst, spele og gjere andre kule apple-ting :P

Men det var jo den tingen som skjedde i dag. I kveld var Aurora, KE og eg på disco-bowling, men også med mange andre Kongshaug-folk. Det var utruleg kjekt. Så åt vi pizza, såg Kamilla og Tyven og kosa livet av oss. Kjekk dag, utan tvil!
I morgon er det volleyball-turnering. Kjenner at helga kjem til å gå fort i alt det kjekke som skal skje, så eg kjem nok fort i gong med ttelefonen. Ingan fare!

Det var alt for i dag, frå Iphone-dagen :)

Ingen kommentarer: