torsdag 23. september 2010

Reisejente til 1000 :D

No er det mykje som står for døra i mitt liv. Om ei veke i morgon, reiser heile Kongshaug til LONDON i 6 dagar!!! Det e heilt sjukt. Eg har aldri vore i London "in person" før. Var i magen til mamma, men det teller vell ikkje?
Så no er det fullt kjør fram til det. Skal bli ferdig med særemne i Mip i haustferien, for eg skal nemleg.. hald deg fast no.. Eg skal til Afrika, baby :D Eg blei valgt ut frå mi klasse for å representere vårt bistandsprosjekt. Så eg reiser igjen ca 2 veker etter haustferien. (Anten Kina eller Etiopia). Eg er heilt på tuppane av glede. Eg skal snart gjere meg klar for vaksinering, og setje meg på flyet om ikkje lenge! Wow, dette skjer verkeleg!
I år blir det meir enn 2 veke med haustferie, og det er jo maks-bra! Sjølv om det blir ein del skulejobbing, så skal eg kose meg mykje med familie og vener. Elida, mi yngste niese, blir 1 år! Det er stort. Så haustferien skal gå til litt feiring òg.

Dersom du lurte, har eg og Iphonen min det som plommen i egget! Vi går så godt ilag. Vår kjærleik til kvarandre er stor! Eg er så nøgd med valget mitt :D

Vil leggje ut bilete når den tid kjem for det. Ellers så snakkast vi. No regnar det her på Kongshaug, det er trist!

1 kommentar:

Vibeke sa...

Nice! Og så kult at du ska te afrika eller kina! :) Gle deg te london, det e digg! Eg ska så vidt innom om litt øve ei veke, og då set eg foten i london for 4. gong;) Men det tel vel egentlig ikkje når d berre e ei mellomlanding..? Uansett, KOS DEG! :D