onsdag 24. november 2010

Bye Africa, hello Christmas!

Her kjem eit litt seint innlegg om Afrika-turen min. Men betre seint enn aldri, velgjer eg å sei :)

Eg reiste åleine frå Kongshaug, og møtte mine medreisande frå Sygna og Tryggheim på Amsterdam-flyplass. Veldig koslig gjeng!
Flyet gjekk kl 06:25.. Litt tidlig å stå opp då ja, men gjekk fint sia pappa køyrde meg.
Vi ankom Addis Ababa seint same dagen. Der var vi i 2 daga, før Regine og eg reiste til Arba Minch og Jinka. Det var 2 dagsreiser med bil, kvar veg. Humpete og kjekt det :)Der fekk vi sjå arbeidet på sjukehuset som vi støtter, som er å forminske den høge mødre- og barne dødelegheita. Veldig spennande. Vi var elles på marked. Der kjøpte vi litt typiske etiopiske kle, og frukt. Kjekt å gå som ein av dei innfødte i gatene. Det er noko med det å oppleve landet, gåande, og ikkje berre køyre rett gjennom det.
Vi var på barsel-besøk, ei dame som hadde født for 8 dagar sidan. Vi såg korleis dei gjorde forskjellege ting, ettersom korleis kulturen sa det skulle vere. Noko som var veldig sterkt å sjå, var dei som hadde fått noko som heite Fistola. Det er når urinen kjem ukontrollert, som følge av at dei ikkje kjem seg til hjelp under fødselen. Mange får nettopp dette. Prosjektet vår på Kongshaug er med på å byggje fleire helsestasjonar, som har folk med god nok kompetanse til å hjelpe uansett tilstand. Det er så viktig. 130 dør kvart år pga mangel på dette. Det var vanvittig sterkt å sjå dette med eigne auge. Det er noko med det å sjå ting på nærthald, at ikkje ord berre blir ord, men ein realitet. Det var nesten for uverkeleg til å ta innover seg. At det går ann! Vi som bur i Noreg, burde vere så takksame. Det er eg vertfall etter ein slik tur. Ingenting er ein selvfølge.
Men det som er så bra, er at vi kan vere med på å hjelpe dei som treng det, vi som bur her i eit så godt land. Eg har fått augene enda meir opp for det! Håper du også gjer det :)
Eg reiste med ein fantastisk gjeng som eg er veldig glad for at eg blei kjend med!














Ei veke etter var det Kongshaug-festivalen som sto på lista. Det var ein opplevelse rett og slett. Klassa samarbeida kjempebra, og konsertane var utruleg kjekke å høyre på! Var kjekt å sjå at så mange kom den helga. Er særs nøgd med klassa mi!

No er det skule som tek på. Og snart er det konsertar frå vår side. Vi skal ha konsert den 13. desember i Os kyrkje kl 19:00. Få med deg det! Er så sjukt verdt. Julestemning. Eg gledar meg!
Same konsertane byrjar neste dag kl 07:30. Kjekt å stå opp 04:00! Kom kom!

Eg gledar meg til jul. Familie og bodskapen er det beste med jula!
Snakkast folks!

Ingen kommentarer: