søndag 8. august 2010

Er det mulig?

No har eg komt igjen frå ei fantastisk veke på UL! Det var ein opplevelse utan like.
Flotte songar som var jo ein tale for seg sjølv, tankevekkande talar som satte seg i hjarte på meg. Seminarane var kjempebra. Dei snakka om ting som faktisk ungdommen går og tenkjer og lurer på. At dei får satt eit kristent syn og perspektiv på det som er relatert til det samfunnet har veldig fokus på. Eg kan med handa på hjarte sei at dette har vore det beste UL`et mitt, EVER!

Noko eg har gått å tenkt på og blitt så fasinert over, er kor forskjellege folk er. At ingen er like, og alle er så fine og skapt spesielt av Gud. Det er så kjekt å sjå rett og slett kor fine alle er. Og det er jo ikkje rart. Vi er jo teikna i Guds bilete.

Gjekk du glipp av UL i år, så vil du ikkje gjere det igjen! Kom til neste år, eg meinar det! Du vil få ein opplevelse utan like. Det fekk eg. Og det beste av alt, er at du kan vere deg sjølv. Folk er hyggelege og pratar med deg, sjølv om aldri har sett dei før i ditt liv. Vi er som ein stor familie. Og det er jo sant.

Den nye veka som kjem no, skal eg jobbe. Byrjar på tirsdag kl 0700. Det er ein brå start, men får nå slapppe av og sove mykje i morgon. Det blir deilig.
Det er kjekt å kome heim etter ei så god veke som eg har hatt. Å sjå tilbake på alt ein har fått oppleve, er kjekt. Eg kjenner at eg setter pris på ting så mykje meir.

Tenk kor heldige vi er som kan få møte andre mennesker på ein kristen "festival", utan noko problem, nokon som skal kome og arrestere oss for det vi trur på. Vi er heldige!
Gud er fantastisk.
Og dersom du ikkje var på UL og fekk med deg dei fine talane, så kan du gå inn på UL.no og sjå dei på nettet. Gjer det!

Ingen kommentarer: