No er ferien starta for fullt! Eg har byrja å jobbe på Vestborg på Stranda. Der vaskar eg og styrar på, men det er berre for ei veke, fram til tysdag. Då bærer turen vidare til Bergen igjen, for å jobbe på Rema 1000 på Askøy.
No er eg som sagt på Stranda, min "tidlegare" heimstad. Her er eg på besøk med familien min, systra mi med familie. Det er kjempekjekt. Etter eg kjem heim frå jobb, går det i å leike med ungane, ete og kose oss foran TV-skjermen for å sjå på VM.
Tidlegare i dag, på kvelden, kjørte vi inn i bygda for å fiske. Med det første fekk vi dårleg med napp, men etter ei kort stund fekk vi så det sang etter. Fisk etter fisk satte seg på kvar vår fiskekrok, og det blei til saman 20 stk. Det var ikkje dårleg etter mi meining. Men det som venta oss når vi kom tilbake var kyllinglår og anna særs god mat på bordet, klar foran TV`en. Så fiskemat blir nok ikkje før i morgon. Det skal bli godt med nyfiska sei. Nam.
I morgon er det kanskje stemning for camping-tur til Valdalen. Der skal vi slappe av og nyte livet i saman. Kanskje vi skal bade litt? Og dersom jordbæra er klar der inne, unngår vi sikkert ikkje å kjøpe nokre korger. Dei er nemleg dei beste jordbæra som finnes.
No skal eg leggje meg utan å sette på alarm til kl 07:00 på klokka mi. Det skal bli herleg å sove litt ekstra enn vanleg. Så ikkje ring meg!
Sov godt alle der ute, og nyt ferien maksimalt. Skal nok sikkert høyre meir frå meg seinare utover ferien, dersom det skjer noko utanom det vanlege. Maybe..
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar