Denne sommaren har eg blant anna vore heime på Stranda. Der har eg truffe igjen gode vener og familie. Kjempekjekt:D
Eg har også kosa meg i Bergen. Det har vore vanvitteg med turistar her i byen.
Ein dag då mamma, pappa, Martha Berit og eg skulle til byen på båtmesse, som var ganske kjekt, mange seilskip med mykje flagg i mastane, veldig fancy, så var der heilt tjåkafullt med folk. Ein måtte svømme seg igjennom folkemassa. Ellers kjempefint;)
Men det beste med heile sommaren er at eg har fått vore med på eit fantastisk UL!
Men før UL var eg med på ein turnè med Kairos, kretskoret frå Sunnmøre. Det var kjempekjek:D
UL hadde plassen i Ålgård i Kongeparken.
Lovsangen, konsertane, seminarane var heilt fantastiske. Og sist men ikkje minst, møtane med det flotte budskapet!
Eg synest at det er ganske flott/bra/utruleg at så mange kristne ungdommar kan få samlast ilag og få høyre om Jesus. Heilt KONGE! Kom til neste år! Det skal vere i Kongeparken til neste år også:D
No er den flotte sommaren over og det er på tide å begynne og fokusere på det som skal skje denne hausten.
Eg skal til med internatskule på Kongshaug musikkgymnas:) Det blir nok ganske spennande, eg har trua på det altså...
Det er nok på tide å pakke heilt ferdi til skulen begynne, så vi snakkast snart igjen.. Skal prøve å holde dokke oppdatert..!
Tusen takk til alle som har gjort denne sommaren til den beste:D
Lykke til alle saman no til hausten med alt som står forran dokke!
1 kommentar:
Syns virkelig at det e på tide med ei oppdatering her! Ei laang oppdatering ^^
Legg inn en kommentar