Eg hadde óg ei fin julefeiring (på Stranda, som var kjempekjekt!) og nyttårsfeiring (i Volda) med familien min! Alle i hopas. Vi køyrde til Volda til broren min sin familie nyttårsaftan. Då var det speilglatt på siste stykket til dit vi skulle. Så midt i ein bakke, byrja vi å seile bakover sakte sakte. Alle hyler i bilen og trur vi skal kræsje bilen kadaver. Det skjedde ei. Martin Bjarne, min kjære bror, kom med den store bilen sin og trakk oss opp til toppen. Der satt vi fra oss bilen enn så lenge, og tok alle koffertane i hans bil. Redning til tusen han!
Det var ei fin feiring med kalkun og pinnekjøtt! NAM.... Kjempefeiring med supre folk!
No er eg i gang med særemne og skulearbeid for fullt, allereie. Hmm.. Jaja, skal bli godt å bli ferdig med dette no, og kose meg det siste halvåret som eg har igjen på Kongshaug musikkgymnas. Rart, kor tida går.. Den fyke så fort. Men no skal eg ikkje bli sånn old fashion og tenke at det var ikkje lenge sidan eg var bittelita og satt å potte... osv osv..
Eg er takksam for ei flott tid her på Haugen med flotte folk! Gleda meg til siste delen.
Her er nokre bilete frå feiringa :)
Vi har blitt gode vener, Mila og eg :)