søndag 21. desember 2008

No er jula her!


No er det endeleg juleferie for Sigrid Karine :D
Denne siste tida har vore så kjekk! Julekonsertar på julekonsertar dei to-tre siste dagane før juleferien. Det var jo selfølgeleg litt slitsamt men gru kor kjekt vi hadde det! Og siste dagen før vi reiste heim, var det julefest på Kongshaug!! Det var kjempekjekt. Kosleg pynta på middagsborda, fin juletregang, kjempebra med Laydies show!! Og på kvelden var det party oppe i Villaen:D Diggdigg!!!
No slappar eg av i heimen på Stranda i huset vårt, med snø som kjem dalande ned utanfor vindauget, bakelukt frå kjøkkenet og anna kos, er livet så og sei herlegt!!!
Så no har eg ein del å sjå fram til dei neste dagane framover: Pynting av juletre, julemusikk, julekos, julemat, julegaver, og det jula først og fremst handlar om, at Jesus vart fødd!!!

Kos dykk mykje i jula!! :)

1 kommentar:

Synøve sa...

Noen har snø ja... luckylucky!