Dette er eit innlegg der eg skal snakke om ein av mine beste gutekompisar, KE. Ganske så OK.. ;)
Som dykk ser på dette bilete her, ser han kanskje ut som ein litt galning, men eg skal kanskje klare å påvise det motsatte, viss det går ;)

Han heiter Kristoffer Eknes, men blir som oftast kalt KE. Han er 20 år og kjem frå Stranda. (Ikkje same plass som meg nei ;) ).
Eg blei kjend med denne karen i 1 klasse, i paviljongen på Kongshaug, mens eg høyrde på Vortuaso-aso-aso-aso av David Phelps. Han likte den ikkje så godt for å sei det sånn. Men det er ein sang vi alltid ler av og digger. Men der var vår første bli kjend plass. Sinare har vi gjort mykje kjekt saman. KE har ikkje villa forlatt Kongshaug på 5 år. Han var her når han gjekk her i 3 år, så kom han tilbake for å vere ein type "miljøarbeidar". Men dette året er han det på skikkeleg! Det er kjekt. Mykje liv rundt denne karen her. Han er sprudlande, og alt skal vere "god stemning". Viss ikkje det er det, så ver sikker, han vil skape det!
Han er ein omsorgsperson det skal vere sikkert. Han viser at han setter stor pris på familie og vener. Og det er ikkje alle som gjer. Men KE gjer!
Denne guten likar veldig godt Gaither, vil kanskje sei at dei er ein av hans helter, eller? Han har vertfall sett, høyrt, og snakka med nokre av dei. Det får eg høyre for å sei det sånn.
Ke er veldig klok og er eit levande vitne for Jesus. eit av mine forbilete. Eit liv utan KE, er eit liv utan liv og glede i kvardagen. Han blir satt pris på av utruleg mange folk. Trur ikkje eg klarer å få ein person til å sei det motsatte av det eg skriv her.
Han kan òg vere ganske så barnsleg, som dykk
ser her: ------->

I kvar matpause, når vi sit og et, tar han alltid opp henda ein eller annan gong og blåser ein plystrelyd ut gjennom dei tette henda. Og som nokon av dykk kanskje veit, får eg ikkje det til, og det likar han å gni inn. Han får også med seg fleire som får det til, og gni det inn i meg, at alle andre får det til, men ikkje eg.
Det er han også VELDIG flink på! Men eg får nå til andre ting som han ikkje ar sjangs på. Så vit det KE, eg skal bli best på fly-spelet!
Når eg får meg Iphone, er det første eg skal gjere er å laste ned eit flyspel som eg og KE har blitt så hekta på og der konkurransen er på topp. (men eg er best).
Eg synes synd på dokke som ikkje får han her som ven, for det får nettopp eg, og det er ikkje så verst for å sei det mildt :)
Han har og ein tendens til å sei så mykje fine ord til meg, skal ikkje nevne dei her, men det veit han sjølv.. Men ingen sei slike ord som han ;)
Ke er også ein racer på gitar, utruleg «deilig» å høyre han spele, veldig behageleg!
Det er mykje å seie om denne karen her, men no får det kanskje vere nok. Kan ikkje skjemme ut guten heller! Du er i vertfall ein utruleg god ven, og dette skal bli eit siste bra år på Kongshaug med deg som miljsøarbeider.
Min konklusjon til slutt er vell at han er meir enn ein OK person etter mi meining. Har dykk noko anna dykk vil seie om denne karen her, så skriv det gjerne ned på kommentarer :)
Takk for KE!