tirsdag 22. november 2011

Jula er nær!

Ja, jula byrjar som sagt å komme nærmare og nærmare. Nokon har kanskje allereie ete pepperkake, drukke julebrus og hørt på julemusikk. Eg har gjort 2 av 3 av desse tinga (pepperkake og julemusikk). Guilty!
Eg har fått ein del julestemning men ikkje heilt fullenda. Ein viktig ting manglar. Nemlig snøen! I Oslo er det berre kaldt! Alle ventar i spenning når det første snøfnugget skal slå seg til ro på Fjellhaug!

Julesongar ja. Det er ein fin ting! Er så fine tekstar og melodiar at eg kan ikkje unngå å høyre på det. Byrja vell litt tidleg, før 20 november, menmen. Når alle andre på Fjellhaug høyrer, så høyrer eg og!

Noko som eg gler meg vilt til, er å få juleferie med familien! Det er årets høgdepunkt! Men, det som blir ein liten vri for meg i år, er at eg reiser til Afrika og skal feire nyttår i Mombasa!!!! Det blir rååååått!!!!!!
Regine, Nils, Lars og meg sjølv skal ta denne reisen før resten av BIF-klassa kjem den 6. januar. Då skal vi ta ein rund-tur i Tanzania! Det skal eg fortelje meir om når det nærmar seg.




Snakkast!

lørdag 12. november 2011

Fortsettelse følgjer...

Ja, eg bor altså i Oslo, og det er her det skjer!

Eg trives kjempegodt på bibelskulen og er glad for å bo i storbyen. Dagane går og går. Når ein har komt seg til rette ein plass, er det mykje ein blir med på. Det viser seg vertfall i min kvardag. Kjekt er det!

I dei siste månadane har eg gjort ein del. Eg har blant anna vore på to friluftsturar til no. Ein på Bosnuten og Gaustadtoppen! To nydelige toppar som var ein fryd å sjå utover. Ein seier det at ein kan sjå 1/6 av heile Noreg dersom du har godt ver på Gaustadtoppen. Amazing!
Så har vi vore på Bjørkelangen. Det var ein meir "vere-på-same-plass-i-tre-dagers-tur". Der bygde vi litt på den plassen vi var på. Fjellhaug si lille tomt kan du sei. Vi lagde benkar, reiv ein gapahuk og koste oss med å lage mat og prate.
Eg har vore heime i Bergen på hausferie, blitt med i eit godpelkor som heiter Entrust! Det er eit kor som er dreve i misjonssalen av musikklæreren her på Fjellhaug. Veldig kjekt! Ellers er går det i bibelgruppe, møte, praksis og ellers sosiale ting.
Praksisen min i år går ut på å vere med ei ungdomsgruppe på Frogner, utanfor Oslo. Der er det for det meste ungdomar i konfirmant-alderen. Der er det møte, sosiale, speling og kiosk! Veldig kjekt å få vere med å dele Jesus med desse folka!

Forrige veke va halve BIF-klassa (bibel, idrett og friluft) på Kvitsund og var der fra mandag-torsdag. Der hadde vi morgenandakt, gym/kristendom-timar, fotballkamp, dodgeball-turnering og eit møte siste kvelden. Vi elevane tok oss óg ein liten kanotur til Kvitseid. Det fekk både rumpe og lår kjenne. Er ikkje berre armane ein bruker på ei slik ferd. Etter slike økte var det godt for oss og ha ei lita pause. Og då var ein massage-stol
Ein vellukka tur syns eg!

Det er jo slik at vi skal innom 20-30 idrettar dette året, så dette er så kjekt og spennande! Til no har vi blant anna klatra, spelt squash, golf, rappellert, og ellers mange ballspel! Ser fram til fortsettelsen!

Her er eit bilete frå toppen av Bosnuten av heile BIF-klassa mi! Det er ei grådig fin klasse om e må få sagt det!



Eg trives veldig godt viss eg ikkje har fått prestert det bra nok hittil! :D

søndag 14. august 2011

Fjellhaugkullet 11/12

Ja, då sit eg ved pulten min på rommet mitt, ferdig utpakka og klar til møte i kveld kl 21:00.
Eg har altså flytta til Oslo for å gå på Fjellhaug bibelkule. Sia eg har gått musikk i 3 år no, ville eg gå ei litt anna retning i år. Så det eg skal drive med framover no, er idrett og filuftsliv! Det ser eg veldig fram til. Eg skal bli ei skikkelig sportsjente, håpar eg :)
I morgon skal heile skulen til Fangekasa på samanristningstur, og det blir megabra! Då skal eg pakke alt det nye utstyret mitt av liggeunderlag, gode og varme kle, og støvla :) Det er jo ikkje alltid like fint vér kvar dag.. Eg går forresten i ei superklasse med masse bra folk! Dette blir eit kjempebra år! Eg gler meg til nye og spennande opplevelsar!

Det kjem vell nokre innlegg her og der i framtida, så see ya!

mandag 2. mai 2011

RUSS 2011

Ja, no har lille Sigrid Karine også blitt russ! Eg har mala, strøke og pynta russeboksa mi ein del! Det er så kjekt. Til no har eg kost meg mykje!
Vi begynte russetida med å døype oss i lakselasagne (Kongshaug-historisk) ;) Det var ikkje så veldig deilig egentlig! Menmen, noko måtte det jo vere. Same kvelden grilla og kosa vi oss heile klassa :)




Dei flotte russefotografane :)


Vår kjære russe-president!




Første helga reiste 14 stk i klassa til Kragerø på Krussetreffet! Det var dødsfett! Masse kjekke og flotte folk, gode talar, bra musikk osvosv.. Knallkjekt!
Her er også nokre bilde som dokke kan ha glede av!

Flott gjeng!


Fin foss ;)


Fin jente!


Parade.


Ragnhild :)


Mange flotte Kruss'era!


OL (vestlandet vann btw!)




Ein bil og fulg som skal til å flyge! (litt random!)



Og til slutt, russeklassa mi :D Flotte folk altså!

mandag 14. mars 2011

Glad!

No har eg ein del kjekke ting å sjå fram til!
På lørdag er jo den kjekkaste dagen i året for meg, kan eg vel sei. Då har eg som mange skjønte, bursdag :D Eg blir heile 19 år.. Wow, snart 20 :S... Det som er kjekt den dagen, er at eg skal reise med ein god gjeng til Oslo på Gaither-konsert. Det ser eg veldig fram til. Sjølv om eg kjem til å tilbringe mykje av dagen min på eit tog, så trur eg det blir ein opplevelse, sidan eg reiser som sagt med ein god gjeng! Første Gaither-konserten min evvahhh.. Skulle tru eg hadde hørt dei LIVE før, men nei.. Det har berre ikkje blitt til slik at det har gått ann. Men no blir det andre boller!
Helga etter er det vårfest og det gledar eg meg veldig. Det blir så bra program frå alle klassene. Så til alle foreldre, gled dykk! Då skal vi sette opp konsertar, musikalar og skulearbeid. Det blir også Händel Messias på søndagen. Så kom å høyr alle saman. Det er jo noko for seg sjølv, absolutt!

No er det jo siste innspurt for dei vanlege karakterane som skal settast, og det er litt rart. Snart ferdig for alltid på denne skulen. Trist! Sjølv om ein er klar for å kome vidare i livet, vil det alltid henge igjen ein liten bit av meg på denne plassen her! Lærarane, elevane, området osvosv..... 3 fantastiske år, maaan!
Men no skal eg ikkje bli sånn sippete allereie no. Må nå vere måte på! Skal kose livet av meg denne siste tida, og utnytte den godt!

Har også fått russeklea mine i posten. Alt passa perfekt! :D Så no skal eg kome i full gang med maling, stryking og alt det der som følgjer med det å forberede seg til russetida! Å glede stor :D

Her er eit bilete som viser utsikt til den nydelege himmelen ein fortryllande kveld her på Kongshaug i 2 klasse.



Såg tilbake på nokre bilete frå julefesten 2010. Og der var det nokre artige bilete som eg fekk meg ein god latter av, og eit smil om munnen på at dette kjem eg til å sakne!!!

Svake augneblink...... (Gutane med øyredobb altså.. Ikkje dei nedanfor ;))














onsdag 5. januar 2011

Velkomen 2011!

Ja, no har enda eit år gått oss forbi, men eg kan sjå tilbake året 2010 med eit smil om munnen. Det skal ligge i minnet for resten av livet. Gran Canariatur, Barcelonatur, Londontur og Afrikatur på eit år. Det er ikkje verst. Eg har møtt mange kjekke folk det året og fått mange fine minner! Det skal vere sikkert.
Eg hadde óg ei fin julefeiring (på Stranda, som var kjempekjekt!) og nyttårsfeiring (i Volda) med familien min! Alle i hopas. Vi køyrde til Volda til broren min sin familie nyttårsaftan. Då var det speilglatt på siste stykket til dit vi skulle. Så midt i ein bakke, byrja vi å seile bakover sakte sakte. Alle hyler i bilen og trur vi skal kræsje bilen kadaver. Det skjedde ei. Martin Bjarne, min kjære bror, kom med den store bilen sin og trakk oss opp til toppen. Der satt vi fra oss bilen enn så lenge, og tok alle koffertane i hans bil. Redning til tusen han!
Det var ei fin feiring med kalkun og pinnekjøtt! NAM.... Kjempefeiring med supre folk!

No er eg i gang med særemne og skulearbeid for fullt, allereie. Hmm.. Jaja, skal bli godt å bli ferdig med dette no, og kose meg det siste halvåret som eg har igjen på Kongshaug musikkgymnas. Rart, kor tida går.. Den fyke så fort. Men no skal eg ikkje bli sånn old fashion og tenke at det var ikkje lenge sidan eg var bittelita og satt å potte... osv osv..
Eg er takksam for ei flott tid her på Haugen med flotte folk! Gleda meg til siste delen.

Her er nokre bilete frå feiringa :)






Vi har blitt gode vener, Mila og eg :)



onsdag 24. november 2010

Bye Africa, hello Christmas!

Her kjem eit litt seint innlegg om Afrika-turen min. Men betre seint enn aldri, velgjer eg å sei :)

Eg reiste åleine frå Kongshaug, og møtte mine medreisande frå Sygna og Tryggheim på Amsterdam-flyplass. Veldig koslig gjeng!
Flyet gjekk kl 06:25.. Litt tidlig å stå opp då ja, men gjekk fint sia pappa køyrde meg.
Vi ankom Addis Ababa seint same dagen. Der var vi i 2 daga, før Regine og eg reiste til Arba Minch og Jinka. Det var 2 dagsreiser med bil, kvar veg. Humpete og kjekt det :)Der fekk vi sjå arbeidet på sjukehuset som vi støtter, som er å forminske den høge mødre- og barne dødelegheita. Veldig spennande. Vi var elles på marked. Der kjøpte vi litt typiske etiopiske kle, og frukt. Kjekt å gå som ein av dei innfødte i gatene. Det er noko med det å oppleve landet, gåande, og ikkje berre køyre rett gjennom det.
Vi var på barsel-besøk, ei dame som hadde født for 8 dagar sidan. Vi såg korleis dei gjorde forskjellege ting, ettersom korleis kulturen sa det skulle vere. Noko som var veldig sterkt å sjå, var dei som hadde fått noko som heite Fistola. Det er når urinen kjem ukontrollert, som følge av at dei ikkje kjem seg til hjelp under fødselen. Mange får nettopp dette. Prosjektet vår på Kongshaug er med på å byggje fleire helsestasjonar, som har folk med god nok kompetanse til å hjelpe uansett tilstand. Det er så viktig. 130 dør kvart år pga mangel på dette. Det var vanvittig sterkt å sjå dette med eigne auge. Det er noko med det å sjå ting på nærthald, at ikkje ord berre blir ord, men ein realitet. Det var nesten for uverkeleg til å ta innover seg. At det går ann! Vi som bur i Noreg, burde vere så takksame. Det er eg vertfall etter ein slik tur. Ingenting er ein selvfølge.
Men det som er så bra, er at vi kan vere med på å hjelpe dei som treng det, vi som bur her i eit så godt land. Eg har fått augene enda meir opp for det! Håper du også gjer det :)
Eg reiste med ein fantastisk gjeng som eg er veldig glad for at eg blei kjend med!














Ei veke etter var det Kongshaug-festivalen som sto på lista. Det var ein opplevelse rett og slett. Klassa samarbeida kjempebra, og konsertane var utruleg kjekke å høyre på! Var kjekt å sjå at så mange kom den helga. Er særs nøgd med klassa mi!

No er det skule som tek på. Og snart er det konsertar frå vår side. Vi skal ha konsert den 13. desember i Os kyrkje kl 19:00. Få med deg det! Er så sjukt verdt. Julestemning. Eg gledar meg!
Same konsertane byrjar neste dag kl 07:30. Kjekt å stå opp 04:00! Kom kom!

Eg gledar meg til jul. Familie og bodskapen er det beste med jula!
Snakkast folks!